Veoy Lars Elling Bjastad Roger Alm Volvo foto Volvo
STORORDRE: Konsernsjef Lars Elling Bjåstad (t.v.) i Veøy med toppsjef Roger Alm i Volvo Trucks i samband med markeringa av storordren. Foto: Volvo Trucks
Nytt

La inn ordre på 100 nye lastebilar

For berre ti år sidan stod transportselskapet i ei eksistensiell krise. No kan dei feire 100 år med rekordomsetning.

Marius Rosbach
07.07.2025

Veøy-konsernet har vekse til eit av landets største privateigde transportselskap og feirar i desse dagar 100 år i bransjen. 

Nyleg la selskapet inn ei storordre på 100 nye køyretøy frå Volvo Trucks som skal halde konsernet på stø kurs i åra framover. 

– Vi er den desidert største kunden til Volvo i Norge. Det er ei stor ordre og var ei verkeleg happening med toppsjefen på plass for å markere kontrakten, fortel konsernsjef Lars Elling Bjåstad til Nett No. 

Har kring 450 køyretøy i bilparken
Veøy-konsernet har kring 450 i bilparken og Bjåstad fortel at dei heile tida driv jamn utskifting av køyretøya. 

– Vi produserer mange kilometer i løpet av eit år, og byttar gjerne ut bilane etter om lag tre år slik at materiellet heile tida er moderne og oppdatert, seier Bjåstad.

Som følgje av storordren blir det også ei auke i talet på bilar. 

Bestillinga som truleg blir den største som Volvo Trucks hankar inn i år, inkluderer både trekkvogner og bilar for distribusjon – også nokre batteridrivne bilar. 

Veoy terminal digerneset med biler foto visuella
BILPARK PÅ 450 KØYRETØY: Veøy-konsernet har kring 450 bilar som køyrer over store delar av landet. I fjor køyrde dei inn rekordomsetning. Foto: Visuella

Omsette for 1,1 milliardar i fjor
Fjoråret vart eit nytt rekordår når det kjem til driftsinntekter for konsernet med hovudkontor i Rauma.

Etter å ha snusa på milliardomsetning i både 2022 og 2023, gjorde driftsinntektene eit hopp til kring 1,1 milliardar i fjor, ifølgje Bjåstad. Resultatet før skatt enda på vel 30 millionar – som er på nivå med dei siste åra. 

Vi veks i volum, men har veldig press på lønnsemda
Lars Elling Bjåstad

I ein bransje der aktørane har vore pressa på marginar grunna sterk konkurranse, meiner Bjåstad det er «ok» - men ikkje meir.

– Vi veks i volum, men har veldig press på lønnsemda og har ikkje klart å skape betre resultat. Vi har sterkt fokus på å betre lønnsemda, og meiner vi bør ha høgare resultatmargin enn i underkant av tre prosent, seier konsernsjefen. 

Dramatisk situasjon for ti år sidan
Verksemda til konsernet starta for 100 år sidan med éin bil i bygda Nesjestranda i Romsdal. Etter ein fusjon av tre selskap på 1960-talet oppstod Veøy Billag.

Etter vekst, oppkjøp og nasjonalt samarbeid vart selskapet ein sentral leverandør aktør i Linjegods-systemet. Utover 2000-talet var Veøy den største private aktøren i dette nasjonale transportnettverket. 

For om lag ti år sidan oppstod ein dramatisk situasjon. Då vart eit 56 års samarbeid med Schenker avslutta, og store delar av omsetninga forsvann i løpet av få månader. 

Veoy terminal oversikt digerneset foto visuella
NY TERMINAL: Kring 100 tilsette har base på Veøy sin nye terminal på Digerneset som blei opna tidlegare i sommar. Foto: Visuelle

Har nær tredobla omsetninga på ti år
Veøy lukkast å komme gjennom utfordringane ved å omstille seg og gå inn i marknaden på eiga hand. Frå 2016 til i dag er omsetninga nær tredobla. 

Det familieeigde konsernet består no av Veøy på Åndalsnes, med dotterselskapa Veøy Møre As i Ålesund, og Tangvik As på Orkanger - som alle driv godskøyring. I tillegg har dei Veøy Buss As på Åndalsnes. 

Til saman er dei stasjonert 11 ulike plassar i landet, og det meste av verksemda skjer i Norge. 

– Jobbar knallhardt for å sikre rekrutteringa
Konsernet har tett på 700 tilsette i arbeid. Ved sidan av marginpress, er rekruttering mellom dei største utfordringane. 

– Vi klarer det på eit vis, men kjenner heilt klart på det same som mange andre bransjar: Det er krevjande. Det er knappheit i tilgang på folk og vi jobbar knallhardt for å sikre rekrutteringa, seier Lars Elling Bjåstad. 

Tidlegare i sommar opna Veøy ny terminal på Digerneset i Ålesund. Her har dei fått eit nytt og moderne bygg på nær 4500 kvadratmeter som skal vere base for nær 100 tilsette framover.

Konsernet driv óg utleige av eigedom i Åndalsnes, Molde, Kristiansand og Oslo. 

Publisert: 07.07.2025 05:00

Sist oppdatert: 06.07.2025 20:49

Mer om