GIEK saka til Stortinget foer paaske
SAKSORDFØRAR: Geir Pollestad (Sp) leiar næringskomiteen på Stortinget og er saksordførar i GIEK-saka som kjem til Stortinget før påske. 
Nytt

GIEK-saka til Stortinget før påske

Rogalendingen Geir Pollestad (Sp) er saksordførar i den heite diskusjonen. Denne veka går fristen ut for innspel til saka.

Marius Rosbach
09.02.2021
frå Frp om å , kjem til behandling i Stortinget før påske.
Næringskomiteen har frist til å levere si innstilling 11. mars, og 22. mars er førebels dato for debatt i stortingssalen. Det er i tråd med tidsplanen Frp sjølv håpte på.
Fredag denne veka er det frist for å kome med innspel til høringa via Stortinget si . Det er også mogleg å at innspel kan kome inn i etterkant, men då er ein avhengig av velvilje hos nokon i komiteen til å ta dei med.
Komitéleiar Geir Pollestad (Sp) er saksordførar og vil leie arbeidet med å kome fram til ei innstilling etter diskusjonar i dei ulike partia.

Viser til statlege retningslinjer

I forslaget viser Frp til dei statlege retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar, som har ein «klar intensjon å både forsterke og bygge opp nye kompetansearbeidsplassar utanfor Oslo». Frp meiner ei etablering av GIEK/Eksportkreditt bør følgje desse retningslinjene, og konkluderer med at hovudkontoret bør vere i Ålesund, med eit lokalkontor i Bergen.
Senterpartiet følgjer Frp i argumentasjonen om å flytte statlege arbeidsplassar ut av Oslo. Dei har også klarast teke til orde for ei desentralisering, men har ikkje peika på nokon geografisk plassering.

Venstre vil ha avdelingskontor

Venstre Møre og Romsdal hadde saka oppe på sitt årsmøte i helga, og enda på ei uttale om at dei vil ha eit avdelingskontor for GIEK/Eksportkreditt til Ålesund.
Venstre-ordførar Lena Landsverk Sande har teke til orde for ei tilsvarande løysing – på sikt – i eit innlegg på NETT NO. Venstre-statsråd, Iselin Nybø, har til no også vore klar på at ho meiner det ikkje er tidspunktet for å flytte ein ny samanslått etat vekk frå Oslo-området.
Også politikarar frå har teke til orde for ei meir desentralisert lokalisering.

Aukande frustrasjon med GIEK

Diskusjonen kring lokaliseringa har teke fyr, som følgje av Stig Remøy sitt forslag om å .

Podium:


I eit nyleg sette Steinar Reiten (KrF) ord på den auka frustrasjonen med GIEK mellom næringslivet i regionen.
KrF-politikaren har forståing for synspunktet om at verkemiddelapparatet bør ha mest mogleg nærleik til næringane. Han er likevel skeptisk til at det er mogleg å flytte hovudkontoret til den nye samanslåtte eininga til Ålesund på kort sikt.

Meir om saka:





Publisert: 09.02.2021 12:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:14