Elisabeth Holvik Atlanterhavsparken Foto Marius Rosbach 11
EVALUERING: Sjeføkonom Elisabeth Holvik (bildet) i Sparebank 1 og BI-professor Leif Anders Thorsrud. Her er Holvik under oppstarten til Aksjon for Norsk Eierskap i Ålesund. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Gir renterefs til Norges Bank

Årleg evaluering meiner sentralbanken bomma og reagerte for tregt.

Marius Rosbach
23.02.2024

(NPK-NTB): Noregs Bank bomma på valutaprognosar og sette opp renta for seint, ifølgje Noregs Bank Watch.

Etter seks rentehevingar i fjor er dommen frå Noregs Banks vaktbikkje klar: Banken undervurderte inflasjonstrykket samtidig som dei overvurderte styrken på den norske krona.

Likevel meiner dei at kommunikasjonen til banken i fjor var effektiv og at marknaden forstod renteavgjerdene godt.

Noregs Bank Watch er ei uavhengig årleg evaluering av norsk pengepolitikk på oppdrag av Finansdepartementet. I år er det sjeføkonom Elisabeth Holvik i Sparebank 1 og BI-professor Leif Anders Thorsrud som står bak evalueringa.

– At ein heldt igjen med å heve renta medan andre land auka tempoet, gjorde at renteforskjellane vart store. Det gav ein svak kronekurs. Pengepolitikken var treg med å ta innover seg dei store endringane i andre hovudmarknader, seier Holvik til Dagens Næringsliv.

– Den tabloide versjonen er at Noregs Bank burde lagt mindre vekt på redselen for påverkinga til høge renter på realøkonomien. Når det er sagt, så er det stor uvisse, der ingen visste korleis det ville sjå ut, seier Thorsrud til avisa.

Les heile rapporten her (ekstern lenke)

(©NPK)

Publisert: 23.02.2024 12:46

Sist oppdatert: 23.02.2024 12:48

Mer om