NTB Pyb Pqa0c Ri Q 1
ÅTVARAR: Sjølv om prisveksten er på defensiven, kan det straffe seg å gå for fort fram med rentekutt, ifølgje sentralbanksjef Ida Wolden Bache. Foto: Cornelius Poppe / NTB / NPK
Nytt

Sentralbanksjefen ber folk vere tolmodige

Tvilar på at renta blir auka fleire gangar.

15.02.2024

NPK-NTB-Steinar Schjetne: Går det som Noregs Bank trur, slepp vi fleire rentehopp i denne omgangen. Men kuttar vi for raskt, kan prisane skyte i vêret igjen, åtvarar sentralbanksjefen.

Ein kunne få inntrykk av at det verste er over for denne gongen då sentralbanksjefen heldt årstalen sin til Noregs Banks representantskap torsdag kveld.

Prisveksten er tvinga på defensiven, rentenivået truleg på sitt høgaste i denne omgangen og kronekursen har styrkt seg – alt hovudsakleg takka vere rente- og pengepolitikken.

Ho vektlegg no kor viktig det er med tillit – tillit til Noregs Bank, tillit til pengepolitikken generelt og til inflasjonsmålet spesielt:

– Det handlar om at vi må halde ord, vi må sørgje for å føre inflasjonen tilbake til målet, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache til NTB.

Tolmod
Frå podiet i den ærverdige spegelsalen i Noregs Banks enorme hovudkvarter i Oslo sentrum åtvara ho mot å vere for raskt ute med rentekutt når prisveksten viser teikn til å falle. Kostnadene med å få ned prisveksten kan bli store, ifølgje sentralbanksjefen.

– Det lønner seg å vere tolmodig, sa ho og peika på ein studie Det internasjonale pengefondet av episodar med høg inflasjon sidan 1970-talet. Den viser at land som var tidig ute med å senke renta då prisveksten viste teikn til å minke, opplevde at inflasjonen skaut fart på ny.

Pilene synest samla å gå den retninga sentralbanken ønskjer med pengepolitikken: Inflasjonen er sakte, men tilsynelatande sikkert, på veg ned, arbeidsløysa er litt aukande, men held seg nokså låg, og pressa i økonomien minkar. Det går med andre ord i retning av ei mjuk landing.

– Men renteutgiftene vil jo vere høge også i år, og vi må vere førebudde på at arbeidsløysa aukar noko framover, understrekar Bache.

Mingling i rådhuset
Tradisjonen tru vart årstalen også i år halde for rundt 300 gjester i ein fullsett spegelsal. Men der fiffen i fjor vart vist til streetfood på Vippa, er det i år rådhuset i hovudstaden som er åstad for den minst like tradisjonsrike programposten «middag og mingling» når talen er avsagd og salen tømd for tilhøyrarar.

– Vi var veldig fornøgde med arrangementet i fjor. Då ønskte vi å endre rammene litt. I år landa vi på Oslo rådhus, som er Oslos storstove. Vi ser veldig fram til å ha arrangementet der, seier Bache til NTB.

Årstalen er talen sentralbanksjefen held for medlemmene av Noregs Banks representantskap og ei rekke inviterte gjester kvart år. Dei representerer institusjonar og verksemder i samfunnet – mellom anna stortingspolitikarar og regjeringsmedlemmer, forvaltninga, finanssektoren, akademia, bransjeorganisasjonane i næringslivet og større enkeltbedrifter.

I fjor gjekk Bache tilbake til 1970-talet – fordi det var då vi sist så tosifra inflasjonstal – då ho skulle setje tonen for talen. Torsdag gjekk ho endå lenger tilbake.

– l år feirar vi 750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslover. Han tok viktigheita av tillit til verdien av pengane på alvor. Reformene han gjennomførte, har vorte ståande som eit vasskil i norsk pengehistorie, sa ho.

Langt frå målet
Pengepolitikken har til hensikt å halde prisveksten nede på 2 prosent over tid. Sidan Baches forgjengar i sjefsstolen starta eit rentekøyr som saknar sidestykke i vår tid, er vi tilsynelatande på toppen. Etter totalt 14 renteaukar på to og eit halvt og ei styringsrente på 4,5 prosent, er det ikkje forhold i økonomien no som tilseier at vi får endå fleire aukar.

– Går det slik vi no trur, vil det ikkje vere behov for fleire renteaukar, forsikra Bache.

Rett nok er inflasjonen langt over målet og kjem neppe på 2 prosent dei neste tre åra. Men han er på veg ned, ifølgje Statistisk sentralbyrås månadlege målingar. Bache er vel så oppteken av å vareta omsynet til høg og stabil sysselsetjing og produksjon, som ho er av å setje ned renta så fort som mogleg.

Men det er éin faktor som nesten uansett utfall kjem til å påverke biletet: Lønnsoppgjeret. Isolert sett vil ein lønnsvekst som overstig anslaget frå sentralbanken, bidra til å setje press på renta, også i eit år då forventningane og krava om reallønnsvekst er på eit nivå vi det er lenge sidan vi såg maken til.

Ingen formaningar
Noregs Bank si siste prognose tilseier ein lønnsvekst i år på 5 prosent og ein reallønnsvekst på 0,6 prosent. Det tilseier ein anslått prisvekst på 4,4 prosent i år. Blir lønnsveksten høgare og/eller prisveksten lågare, kan det føre til press på renta.

– Vi har ingen formaningar eller råd til partane i arbeidslivet. Det er opp til dei å forhandle om lønn, understrekar Bache overfor NTB.

LO og Fellesforbundet kjem etter alt å dømme til å vedta krav om auka kjøpekraft. Organisasjonane til fleire grupper i offentleg sektor har varsla krav om lønnsvekst over det ein oppnår i frontfaget.

– Lønnsveksten er eit av dei forholda som har noko å seie for prisveksten, så heilt isolerte sett, viss lønnsveksten skulle bli høgare enn det vi har lagt til grunn, så kan det trekkje i retning av at det er behov for ein strammare pengepolitikk, seier Bache.

– Vi har tillit til at partane i arbeidslivet utfører samfunnsoppdraget sitt på ein ansvarleg måte, seier ho.

Publisert: 15.02.2024 18:35

Sist oppdatert: 15.02.2024 18:35