Gjekk fraa faa store til mange smaa oppdrag
HOVDEBYGDA: Nytt godt år for maskinentreprenør K A Aurstad og dagleg leiar Per Kristian Langlo i fjor. I år er det derimot mange små oppdrag, i staden for få, men store oppdrag.
Nytt

Gjekk frå få store til mange små oppdrag

Frå å byggje ny E6 i Gudbrandsdalen, har entreprenør K A Aurstad måtta sette seg om etter mange små oppdrag i staden for få store. Så langt har dei lukkast godt.

12.07.2017
- Akkurat no har vi rundt 25 prosjekt i sving. Det vert ein annan måte å organisere drifta på enn då vi kunne konsentrere oss om få, men store oppdrag.
Det seier dagleg leiar Per Kristian Langlo ved den Hovdebygda-baserte bedrifta.

Tente på milliardprosjekt

Selskapet omsette i fjor for 512,7 millionar kroner. Sjølv om det var 24,5 millionar lavare enn året før, auka resultatet før skatt kraftig og enda på 39,2 millionar kroner. Året før var det 8,5 millionar.
- Vi hadde som mål å nå eit resultat på mellom fem og åtte prosent før skatt. Vi er godt fornøgd med å ha nådd dette målet, seier Langlo.
2016-resultatet viser også at det gjekk bra med milliardprosjektet for bygging av ny E6 mellom Vinstra og Sjoa, eit prosjekt som vart utført i samarbeid med Implenia.
- Ja, det gjekk greit. Det viser tala, seier Langlo.
- Og så er vi ikkje lite stolte over at prosjektet vart kåra til i fjor.

60 i arbeid i Bergen

Totalt er det rundt 180 tilsette i sving for K A Aurstad. Siste månadene har rundt 60 hatt arbeidsplassen sin i og rundt Bergen.
- Ja, vi har stor aktivitet i Bergen-området for tida. Mellom anna har vi eit tunnelprosjekt på E39 og vi byggjer ut for Bybanen ved Store Lundegårsvann.
Også i Sogndal er det mange tilsette i sving, der selskapet har oppretta ein eigen administrasjon.
- Mellom anna byggjer vi fjordsti og har vi oppdrag for Statnett i Sogndal, i tillegg til at vi har arbeid på sju trafostasjonar på den nye lina frå Ørskog til Fardal.
I Sogndal har K A Aurstad også hanka inn kontrakten på bygging av ny Loftnesbrui, eit stort prosjekt som skal vere ferdig i 2018.

Fleeire prosjekt i Ørsta og Volda

I Førde vert Sunnfjord Næringspark bygt, medan ein er i sluttfasen på bygging av Hogaåsen bustadfelt på Nordfjordeid.
I tillegg er det ei rekkje små og mellomstore prosjekt i Ørsta- og Volda-området.
- Mellom prosjekta er Melsgjerdet industrifelt i Ørsta, Håmyrane bustadfelt, Botnavegen og ny gang- og sykkelfelt på Ekset i Volda, seier Langlo.
Les meir om prosjekta .

Sterk konkurranse

Medan selskapet hadde ein ordrereserve ved inngangen til 2016 på 450 millionar kroner, hadde ordreserven vorte redusert til rundt 300 millionar kroner i løpet av året.
- Vi reknar på mange oppdrag, både i nærområdet og lenger vekke, og forventar at omsetninga i år vil liggje på nivå med fjoråret.
- Men vi ser også at det er sterkt konkurranse om oppdraga, spesielt i vår region, seier Langlo.
Selskapet har berre sju kvinner tilsett, men arbeider aktivt med å auke kvinneandelen.

Flest vil køyre bil

Langlo seier også at det ikkje er like enkelt å få tak i nye maskinkøyrarar.
- Det er mykje lettare å rekruttere lastebilsjåførar enn maskinkøyrarar.
K. A. Aurstad betalte eit konsernbidrag på 25 millionar kroner i fjor, mot 7,1 millionar året før.
Eigenkapitalsituasjonen er god, og avkastninga på totalkapitalen i fjor var på 15 prosent.
Cato Aurstad eig 82 prosent av selskapet, medan faren og grunnleggjaren Kjell Arne Aurstad eig 12 prosent.
Det er mykje lettare å rekruttere lastebilsjåførar enn maskinkøyrarar

Publisert: 12.07.2017 08:58

Sist oppdatert: 04.05.2021 12:39