Sparebank 1 SMN har auka premiane til deltakarane i banken sitt gründerarrangement «Fremtidens verdiskaper» til ein million kroner i år.
Under banken sin årlege Næringsdriv-konferanse i Ålesund torsdag, skal desse bedriftene overbevise juryene om at dei bør få plass i finalen i Trondheim seinare i år: Lisilease, Neovest, Pengebalanse, Prodsync og Purewave.
Fleire typer verksemd
Selskapa driv vidt ulike verksemder. Rett før årskiftet lanserte Liselease, med Jørgen Romestrand i spissen, sin eigenutvikla annonseplattform for leasing av bilar.
Neovest spring ut av NTNU-miljøet i Ålesund og har utvikla digitale løysningar for overvakning og styring av vatn- og avløpssystem.
Pengebalanse har utvikla eit program for å gjere det lettare for bedrifter å hjelpe tilsette med å handtere personleg økonomi og gjeldsutfordringar.
Prodsync i Ørsta gjekk tidlegare i år til topps i Sparebanken Møre sin gründerkonkurranse, Næringsteft. Dei har laga eit planlegging- og styringsverktøy for aktørar i konsert- og eventbransjen.
Purewave i Stryn har utvikla biologisk nedbrytbare reinsemiddel for toalettrør, som mellom anna er i bruk hos Brim Explorer sine sightseeingsbåtar, Vy-tog og Fred. Olsen-fartøy. Sølvi Hjelmeland er oppfinnar, største aksjonær og dagleg leiar.
Éin går vidare til finale
Dei fem bedriftene skal presentere seg for konferansedeltakarane og ein jury på dagtid. Vinnaren blir kåra under kveldsprogrammet til konferansen.
Selskapet som går vidare blir belønna med 200.000 kroner og ein plass i finalen til hausten, der førstepremien er ein million kroner.
I finalen vil vinnaren møte vinnarane i dei andre lokale kåringane, ei i Molde, to i Trondheim og ei i Steinkjer. Den eine kåringa i Trondheim er for studentbedrifter knytt til NTNU, der også studentbedrifter frå Ålesund kan vere med.
Carl Bildt til Ålesund
Næringsdriv har satt av halve konferansen til innledere og debatter som skal belyse konsekvensene av økt internasjonal spenning og konflikt.
I tillegg til Professor Øystein Tunsjø ved Institutt for forsvarsstudier skal sjeføkonom Elisabeth Holvik i Sparebank 1 Gruppen se verden fra en makroøkonoms vinkel, Ola Braanaas fra en lakseoppdretters og -eksportørs vinkel. I tillegg deltar også Braanaas, Vard-sjef Cathrine Kristiseter Marti og Per Håvard Siljan Hjukse fra Kongsberg Maritime i en samtale ledet av Arill Riise.
Senere i programmet kommer Sveriges tidligere statsminister, Carl Bildt, for å snakke om tillit som utgangspunkt for internasjonal handel.
Meir om kandidatane til «Fremtidens verdiskaper» under:
Publisert: 28.05.2026 05:00
Sist oppdatert: 28.05.2026 07:09






