Oceanvju er namnet på det nye selskapet som Unni Grebstad og Jennipher Karlsson starta opp i fjor sommar. Den ferske årsmeldinga for 2025, viser at oppstartsåret enda i pluss.
For mange er Grebstad kjent som gründeren bak Ocean Visioneering.
Selskapet måtte melde oppbod i fjor etter å ha satsa stort på å utvikle ei plattformløysing der folk kan møtast på nettet som digitale versjonar av seg sjølve.
Les også
Satsar på meir kjent teknologi
Etter berre eit halvt års drift tente Oceanvju pengar, både til å sikre gründerane ei leveleg lønn, og legge att eit pent overskot i rekneskapen (sjå tabell under).
– Vi er kjempefornøgd med å gå i pluss. Det er kjekt å kunne gå inn på Proff og sjå at alle nøkkeltala står i grønt, etter det vi opplevde med konkursen, seier Grebstad til Nett No.
– Vi har lært av kva det tidlegare selskapet gjorde galt. Med Oceanvju har vi gått vekk frå ein kostnadskrevjande plattformutvikling, til å satse på meir kjent teknologi, legg ho til.
| Oceanvju AS | ||
| Tal i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 1,8 | - |
| Driftsresultat | 0,2 | - |
| Resultat før skatt | 0,2 | - |
Avansert industriell visualisering
Oceanvju skal levere interaktive 3D-presentasjonar og avansert industriell visualisering for alle næringar knytt til havet.
Dei har allereie fleire utstyrsleverandørar frå maritim industri i kundeporteføljen og samarbeid gåande med hamnene på Hitra og danske Hirtshals.
– Vi jobbar mellom anna med interaktive 3D-modellar for hamneutvikling, fortel Grebstad.
– Bygd ein base med kundar og prosjekt
Per i dag gir selskapet arbeid til Grebstad som har kontor ved NMK i Ålesund, og partnaren Jennipher Karlsson, som jobbar frå Oslo-området.
– No har vi bygd ein base med kundar og prosjekt - og går i pluss. Men vi jobbar for å få lengre horisont på oppdraga og få kundane til å kome tilbake til oss, seier Grebstad.
I tillegg til gründerane, er Doxacom i Ålesund med på eigarsida. Det er også Rostein-topp Glen Bradley via selskapet GB Value.
Stavanger-baserte Visco er óg inne på eigarsida. Grebstad fortel at dei har erfaring inn mot olje- og gassindustrien som Oceanvju jobbar med å utnytte.
Publisert: 07.04.2026 12:26
Sist oppdatert: 07.04.2026 12:26






