Ved starten av året starta drifta av eit nytt nasjonalt forskingssenter for anvendt kunstig intelligens i maritim sektor knytt til NTNU i Ålesund.
Førsteamanuensis Marte Fanneløb Giskeødegård håpa å motivere fleire frå den maritime klynga til å engasjere seg då ho fortalde om senteret under Ship Technology Days i Ulsteinvik onsdag.
– Vi har eit mål om at heile den maritime næringa skal få vere med i diskusjonen om korleis dette kan gjerast, sa Giskeødegård.

Vil lage plattform for samarbeid
Ho peika på at teknologien kan nyttast på ein rekke ulike område i maritime næringar. Det kan dreie seg om alt frå vedlikehald av maskinar, opplæring av mannskap eller reduserte klimautslepp.
– Eg trur mange opplever at de har mykje data, men at dei kan vere usikre på korleis ein får nytta dei, sa Giskeødegård.
Eit av måla til det nye senteret er å lage ein plattform med teknologi som «snakkar» det maritime språket, slik at den kan utnyttast i samarbeid mellom ulike aktørar.
Vidare vil senteret prøve ut teknologi i praksis og peike på nøkkelutfordringar for maritim sektor. Det må også gjerast ein rekke vurderingar om korleis data skal handterast og delast på en trygg måte.
Ser fleire utfordringar
For å kome fram til korleis dette kan gjerast i praksis, er senteret avhengig av at bedrifter engasjerer seg.
– Vi håpar at dokke blir med på den diskusjonen, sa Giskeødegård.
Under ein kickoff i vinter blei deltakarane spurt kva eit slik senter kan nyttast til – og kva utfordringar dei såg.
Grenser for deling av data, manglande kunnskap om teknologien, fragmentert samarbeid var mellom forholda som blei peika på. Samtidig såg deltakarane ein rekke nyttige områder for bruken av teknologien.
– Mange såg til eksempel at dei kunne få ny kunnskap ved at andre aktørar undersøkte deira data, sa Giskeødegård.
Industrien frå nordvest tungt representert
To institutt ved NTNU i Ålesund og ein rekke bedrifter er blant dei som er med i arbeidet.
Den maritime industrien på Nordvestlandet er allereie tungt representert blant bedriftene som er med. Om Kongsberg Gruppen blir rekna som ein aktør frå regionen, er heile 9 av 19 partnarbedrifter frå regionen.
Forskningsrådet har vedteke å løyve 100 millionar kroner til forskingssenteret. Det er ikkje snakk om eit fysisk senter og samarbeidet vil skje ulike plasser.
Publisert: 04.03.2026 11:35
Sist oppdatert: 05.03.2026 14:36






