NPK: Med utgangspunkt i Austevoll har selskapet satsa på reinsing av skipsskrog, ved help av ROV-teknologi. Selskapet sysselsette rundt 20 personar. Ein omfattande og kostbar ekspansjon i Asia skal ha gjort situasjonen uuthaldeleg.
– Ecosubsea AS sin ekspansjon i Asia har vore kostbar og tidkrevjande. Selskapet sitt styre og leiing har dessverre ikkje lukkast med å finne ei berekraftig løysing på dei oppståtte likviditetsutfordringane. Det er difor avgjort å melda oppbod i dag, skreiv styreleiar Sveinung Økland til avisa Marsteinen måndag.
Ifølgje E24 fekk selskapet i februar eit grønt vekstlån på 69 millionar kroner frå Innovasjon Noreg for å byggje tre nye vaskerobotar i Singapore. Ambisjonen var å ta ein stor del av det globale marknaden, med ein framtidig robotflåte på over 200 einingar.
Til Kystens Næringsliv seier bustyrar Bjørn Åge Hamre at gjelda auka til 168 millionar kroner, samtidig som inntektene ikkje kom.
– Då gjekk Ecosubsea til det steget å melde oppbod. Det skjedde på ein ryddig måte, sa bustyrar Hamre til Kystens Næringsliv.
Målet er å finne ei løysing som kan sikre vidare drift, arbeidsplassar og verdiar for kreditorane.
Publisert: 25.11.2025 10:48
Sist oppdatert: 25.11.2025 10:50






