Gjeldfrie og klare til aa ta ny sats
KRISTIANSAND: Adm. dir. Trond Myklebust og finansdirektør Morten Aggvin leier eit supplyselskap som er gjeldfrie og som har pengar på bok til å gjere nye invsteringar for.
Nytt

Gjeldfrie og klare til å ta ny sats

Viking Supply Ships er noko så sjeldan som eit gjeldfritt offshoreselskap. No vert det i tillegg  milliardutbyte.

14.02.2019
- Vi har også hatt tøffe tak, men no er vi i ein unik situasjon, seier adm. dir. Trond Myklebust.
Vartdalingen har leia det Christen Sveaas-kontrollerte selskapet sidan hausten 2016.
Etter to restruktureringsrunder der Sveaas gjennom sitt selskap Kistefos gjekk inn med rundt 300 millionar friske kroner, er det no klart for utbetaling av milliardutbyte.

- Snudde opp ned på situasjonen

Bakgrunnen er salet av dei tre kraftige isbrytarane Balder Viking, Tor Viking og Vidar Viking til den kanadiske kystvakta.
Kanadiarane måtte raskt skaffe seg nye isbrytarar utanfrå i påvente at dei sjølve får bygt nye. Difor betalte dei også godt, heile 3,2 milliardar kroner for dei tre skipa, netto etter salskostnader.
- For oss var dette ein kjempeavtale, som snudde opp ned på vår finanselle situasjon, seier finansdirektør Morten Aggvin.
Pengane kom på konto i september, og etterpå har selskapet rydda opp med bankane og fått sletta all uteståande gjeld.
- Vi er no klare til å ta ny sats. I alle fall har vi bøygd knea, seier Myklebust.
Etter salet av dei tre isbrytande skipa, eig selskapet dei fem ankerhandterarane Brage, Magne, Njord, Loke og Odin – alle med Viking i namnet. Den siste er frå 2003, dei fire første frå 2010-2012.

Rate-opptur

Nyleg fekk Brage Viking, Magne Viking og Njord Viking vel 700.000 kroner kvar i døgnet med Repsol Sinopec for flytting av den nedsenkbare boreriggen Stena Spey frå Coast Center Base utanfor Bergen.
- Slike kontraktar kjem godt med, men no er båtane tilbake i spoten, seier Myklebust.

Han hadde trudd at i alle fall eitt av skipa fekk oppdrag med å berge den havarerte trålaren Northguider på Svalbard.
- Vi har båtane, isklassen og kompetansen som trengst til eit slikt oppdrag, seier Myklebust.

Satsar i nord

Han seier at det er nordområda selskapet vil satse på framover, og då med skip med høg isklasse.
- Ja, dette er ein bevisst strategi. Difor var vi også det første selskapet i verda som fekk IMO-standarden Polarklassen for skipa.
I tillegg til dei fem sjølveigde skipa, har Viking Supply Ships driftsansvaret for fem svenske isbrytarar.
Selskapet har kontor i Stenungssund i Sverige, i tillegg til København.
Men Trond Myklebust og leiinga har base i Kristiansand.

Vil vekse

Han seier at han forventer at marknaden forblir utfordrande i ei tid framover, men at målet er å vekse. Det kan skje på fleire måtar.
- Vi har augene opne for aktuelle skip i marknaden, men det finst ikkje så mange skip som vi ser på som aktuelle for vår satsing.
- Alternativt kan ein sjå på alliansar, samanslåingar, partnerskap, eller samarbeid. Det er viktig ikkje å tilføre marknaden nye skip i ein allereie overfylt marknad, fastslår han.

Satsar norsk

Selskapet har norsk flagg på alle skipa.
- Ja, dette er ein bevisst politikk frå vår side, seier Myklebust.
Selskapet har rundt 300 sjøfolk. Dei har også vore med på snuoperasjonen, blant anna ved å gå frå fire til femvekers turnus.
- Alle har bidratt. Vi har kutta kostnadene kraftig, og det har vi att for no, seier Myklebust.

Djup og lang nedtur

Han har tidlegare vore toppsjef i Bourbon Offshore Norway, men har også leia selskap som Fjord Shipping og Kongsberg Evotec.
Han hadde ikkje trudd at nedturen skulle verte så djup og langvarig då han overtok som toppsjef i selskapet som Christen Sveaas eig 78,6 prosent av.
Men no ser Myklebust framover.
- Ja, vi er godt rigga for å vere ein solid aktør framover.
Vi er no klare til å ta ny sats. I alle fall har vi bøygd knea

Publisert: 14.02.2019 05:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31