God steam for Haram-bedrift
Selde ei rekke produkt av sild, makrell og kabaret for 76,1 millionar kroner i fjor.
Gjendemsjø Seafood er store på produksjon av ulike rettar av sild, som tomatsild, sennepssild og sursild.
Men selskapet på Hellandshamn ved Brattvåg sel også peparmakrell og varm- og kaldrøkt makrell, i tilegg til kabaret av skaldyr og reker.
Mottakarar er både hotellmarknaden og dei store daglegvarekjedene.
Godt fjorår
I fjor hadde selskapet sitt beste omsetningsår sidan 2016.
Inntektene kom opp i 76,1 millionar kroner, og resultatet før skatt enda på 2,4 millionar.
- Vi er i god steam, seier dagleg leiar Leidulf Longva.
Gjendemsjø Seafood | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2021 | 2020 | |
Driftsinntekter | 76,1 | 75,4 | |
Driftsresultat | 2,1 | 5,4 | |
Resultat før skatt | 2,4 | 10,6 |
Større fabrikk
I 2020 var resultatet før skatt på 10,6 millionar kroner, men 5,4 millionar dette stamma frå investering i eit dotterselskap.
Selskapet utvida fabrikken i fjor, slik at samla areal vart på 1700 kvadratmeter.
Investeringa var på rundt 30 millionar kroner, og vart gjort for å kunne auke og effektivisere produksjonen.
Longva karakteriserer 2021-resultatet som eit normalt resultat.
- Når det gjeld 2022 ligg vi på same nivå, så vi hamnar nok på same resultat og omsetning, seier Longva, som opplyser at selskapet kontinuerleg jobbar med nye produkt.
Lang historie
Gjendemsjø har historie tilbake til 1975, då fiskeskipperen Lauritz Gjendemsjø gjekk på land og starta selskapet Gjendemsjø Fiskeprodukter, eit selskap som seinare vart omdøypt til Gjendemsjø Seafood.
"Siden den gang har vi forsynt det norske folk med kvalitetsprodukter fra anlegget i Hellandshamn. I løpet av våre 50 år har organisasjonen hatt en fantastisk utvikling både i kvadratmeter og markedsandel, men vi har fremdeles en liten administrasjon og korte beslutningslinjer. I 2021 bygde vi ut fabrikken vår, for å effektivisere logistikken og produksjonen av råvarer og ferdigvarer." heiter det på heimesida til selskapet.
Gjendemsjø Seafood er 80 prosent eigd av Longva Invest, der Leidulf Longva eig 80 prosent og Rolf Longva eig 20 prosent. Resten av selskapet er eigd av Henden Invest.
Selskapet hadde 13 årsverk ved årsskiftet.
Publisert: 28.03.2022 05:00
Sist oppdatert: 27.03.2022 16:52