Gjendemsjø Seafood kabaret innfelt Leidulv Longva foto Gjendemsjø Seafood 1
AUTOMATISERING: Skulle Gjendemsjø Seafood produsert dagens mengde med metodane bedrifta brukte for 20 år sidan ville selskapet hatt behov for tre gangar så mange folk i produksjonen som i dag. I oktober satsar dagleg leiar Leidulf Longva på å opne ein nytt bygg som mellom anna gjer det råd å automatisere produksjonen enda meir. Foto: Gjendemsjø Seafood
Nytt

Investerer 30 millionar i større fabrikk

Med utvida fabrikk kan Gjendemsjø Seafood produsere tre gangar meir enn i dag.

16.06.2021

I oktober skal Gjendemsjø Seafood i tidlegare Haram kommune ha klart 1700 kvadratmeter produksjon og administrasjonsbygg.

I første omgang er det snakk om ei investering på cirka 30 millionar kroner i bygg og utstyr. Utvidinga gjer det råd å både auke og effektiviserer produksjonen.

Bygget er stort nok til å sette inn fleire produksjonsliner etterkvart, slik at det fullt utnytta, gjer det råd for sjømatbedrifta å produserer tre gangar meir enn i dag.

Teikning gjendemsjø Seafood Sunnmøre Anlegg AS 201208 01 1
MEIR PLASS: Nybygget til Gjendemsjø Seafood skal stå klart oktober i år. Teikning: Gjendemsjø Seafood
Gjendemsjø as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter75,569,5
Driftsresultat5,56,2
Resultat før skatt10,65,9

Vekst også i år
Gjendemsjø Seafood er mest kjent for sine sildeprodukt og sjømatkabaret, og forsyner alle dei tre store daglegvarekjedene og hotellmarknaden.

I fjor gjekk etterspørselen ned i hotellmarknaden, og opp i dagelegvaremarknaden, på grunn av koronapandemien og tiltaka mot den. Samla sett blei det vekst i 2020, og så langt i år ligg driftsinntektene til selskapet 12 prosent høgare enn same tid i fjor, fortel dagleg leiar og hovudaksjonær Leidulf Longva.

Satsar på automatisering
Selskapet har satsa mykje på automatisering. I dag har Gjendemsjø Seafood 20 tilsette, av dei 12 årsverk i produksjonen.

Hadde selskapet produsert på same vis som for 20 år sidan, hadde selskapet hatt behov for tre gangar fleire folk enn i dag. Longva meiner det er råd å automatisere og effektivisere produksjonen enda meir enn i dag.

Publisert: 16.06.2021 06:00

Sist oppdatert: 16.06.2021 00:54

Mer om