Inline X dgl Jan Gregor Hoydal Sorli foto Ogne
TESTUTSTYR FOR VENTILAR: Inlinex har utvikla testeutstyr for tryggleiksventilar. Tryggleiksventilar er kritiske utstyr - mellom anna i oljebransjen. Dagleg leiar og medgrunnleggar Jan Gregor Høydal Sørli i InlineX. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Gjennombrot for gründerselskap

Ungt Molde-firma fekk global rammeavtale med oljegiganten Chevron.

08.05.2024

– At vi skulle få ein slik avtale, det er det største, seier dagleg leiarr, medgrunnleggar og medeigar Jan Gregor Høydal Sørli i Inline-Test, om avtalen Molde-firmaet har hala i land.

Chevron er eitt av verdas største oljeselskap.

Inline-Test as, som marknadsfører seg under varemerket InlineX, har både fått rammeavtalen med Chevron og den første konkrete kontrakten innan rammeavtalen.

Testutstyr
Inline-Test as blei skipa i 2017, og har 11 tilsette - fem av dei ved hovudkontoret i Molde.

Selskapet har utvikla testutstyr for tryggleiksventilar.

Slike ventilar er ein kritisk del, mellom anna i oljebransjen. I oljebransjen er det tradisjonelt eit trangt nålauge å passere for små, nyetablert selskapet med nye idear. Det nålauget har InlineX i Molde klart å passere.

Då Høydal Sørli fortalde om rammeavtalen på eit møte i regi av Molde Næringsforum tysdag denne veka kunne han fortelje både om rammeavtalen, og den første konkrete avtalen innan rammeavtalen - i Australia.

Investorar med på laget
I år ventar Inline-Test å nå 21 millionar kroner i inntekter, og auke til 210 millionar kroner i 2028 . Då har selskapet vakse til 40 tilsette, iføljge prognosen Høydal Sørli presenterte.

Selskapet har hente eigenkapital i fleire omgangar og har investeringsfonda Proventure Seed II (37,5 prosent) og Skagerak Capital III (22,3 prosent) som store eigarar, saman med grunnleggarar og tilsette.

I tillegg til dei fem tilsette i Molde har Inline-Test fem tilsette i Skien og ein i Houston i Texas.

Publisert: 08.05.2024 08:50

Sist oppdatert: 08.05.2024 09:05

Mer om