Helseteknologiselskapet Picterus har brukt dei siste ti åra på å utvikle ein medisinsk app for å screene spedbarn for den potensielt farlege sjukdomen gulsott.
Teknologien kan spare både foreldre og helsevesenet for utgifter, tid og umake etter ein fødsel.
Selskapet har sikra seg samarbeidsavtalar med store helseaktørar i fleire av dei største marknadane i verda.
Sunnmøringar i leiinga
Sjølv om Picterus held til i Trondheim, har fleire sunnmøringar vore involvert i styre og sentrale stillingar i selskapet.
Blant dei er finansdirektør og ulsteinvikar Christian Temte og Tormod Thomsen som, som tidlegare var administrerande direktør for Firmenich Bjørge Biomarine på Ellingsøya.
Nærmar seg overskot
Selskapet tek no til å sjå slutten på oppbyggingsfasen, men Thomsen seier det framleis er eit stykke fram til å tene pengar på drifta.
– Til no har vi brukt betydelege summar og krefter på utvikling og godkjenning. Når det gjeld medisinsk utstyr, så tek det lang tid frå godkjenning til sal, seier han.
– På den andre sida er dette eit prosjekt som har eskalert fort, så det kan hende vi klarer å gå i pluss på månadsbasis mot slutten av året.
Fekk nyleg nytt EU-tilskot
Selskapet har tidlegare fått støtte og utviklingsmidlar frå EU i fleire omgangar. I 2023 var det eitt av tre norske selskap fekk støtte frå European Innovation Council (EIC).
Nyleg fekk det eit nytt og tilskot frå EU-systemet, og selskapet har startes non-profit-organisasjonen Picterus Newborn Health, som tek sikte på å hjelpe nyfødde i regionar med svakt utbygde helsetenester.
Stor interesse
Picterus har i dag lukkast med å introdusere produktet i dei fleste delar av verda. Selskapet har gjennomført fleire store studier og testprosjekt, og har inngått samarbeidsavtalar med ei rekke sjukehus og helseaktørar i Asia, Afrika og Amerika.
I Europa har selskapet valgt Storbritannia som sin test-marknad.
– Er det vanskeleg å tilpasse teknologien til ulike verdsdelar og store variasjonar i hudfarge?
– Teknologien er definitivt vanskelegare på mørk hud enn på lys. Vi har brukt store ressursar på å utvide databasen vår slik at teknologien skal vere tilgjengeleg for alle, seier Thomsen.
Selskapet har bygd opp ein database med bilete og kliniske data for meir enn 5.000 born frå land som Uganda, indonesia, Filipinene og USA.

Enklare og billiegare
Rundt halvparten av alle nyfødde babyar vert synleg gule dei første levedagane. For dei fleste går det over av seg sjølv, men for rundt 10 prosent kan tilstanden bli alvorleg.
– Gulsott-risikoen toppar seg 3–5 dagar etter fødselen. Det var ikkje eit så stort problem då mødre låg på sjukehuset mange dagar etter fødselen, men i dag blir dei gjerne sendt heim på dag ein eller to, forklarer Thomsen.
Dette betyr at barnet må inn att til sjukehuset for å kontrollere for gulsott. Det kan vere både dyrt og tidkrevjande om ein bur langt unna.
– For dei fleste er turen heilt unødvendig og medfører mykje ulempe, sæleg når ein helst berre vil vere heime med den nye babyen, seier Thomsen.
– Dersom ein er så uheldig å bu i ein del av verda med svakt helsetilbod, kan det vere snakk om ei reise på fleire dagar.
Fjern-testing
Gulsott skuldast opphoping av bilirubin, eit restprodukt som blir frigitt når kroppen bryt ned raude blodceller.
Hjå mange nyfødde er levera for umoden til å bryte ned biliubin, så fargestoffet hopar seg opp i hud og auger.
Gulsott er enkel å behandle med lysterapi, men ubehandla kan den føre til permanente hjerneskader for barnet.
– Med appen kan foreldra enkelt ta eit bilete av babyen, som automatisk sendt til sjukehusets system for å bli vurdert av fagpersonell, forklarar Thomsen.
Publisert: 02.11.2025 05:00
Sist oppdatert: 01.11.2025 15:25






