Tormod Thomsen picterus Foto Marius Rosbach 11
EU-STØTTE: Dagleg leiar Tormod Thomsen og dei andre i Picterus er for andre gong kome gjennom nålauget for innovasjonsstøtte frå EU. Løysinga dei har utvikla gjer det mogleg å nytte mobiltelefonen for å oppdage og overvake gulsott hos spedbarn. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Sikra minst 65 EU-millionar – siktar høgare

Sunnmøringar i spissen for selskap som siktar mot global marknad for helse-tech-løysing.

Marius Rosbach
24.08.2023

Helseteknologiselskapet Picterus held til i Trondheim, men har sterke band til Sunnmøre. Dagleg leiar er Tormod Thomsen, som tidlegare var sjef i Firmenich Bjørge Biomarin på Ellingsøya.

Nyleg er også Per Erik Dalen – avtroppande ÅKP-sjef – valt til styreleiar i selskapet, medan ålesundsadvokaten Ingvild Vartdal er styremedlem.

I dag er Picterus 16 tilsette og tidlegare i år har dei mellom anna tilsett Ulsteinvik-busette Christian Temte som finansdirektør.

I dialog med større investorar
I sommar fekk Picterus gladmeldinga om at dei var eitt av tre norske selskap som hadde fått støtte frå European Innovation Council (EIC).

Resultatet vart eit tilskott på 2,5 millionar euro og eigenkapital på 3,2 millionar – til saman minst 65 millionar kroner.

– Det er eit trong nålauge, seier Thomsen til NETT NO om EU-midlane.

Modellen er slik at EU «matchar» investeringsbeløpet frå private investorar.

– Difor er vi avhengige av å hente pengar frå private investorar. Vi er i dialog med fleire internasjonale aktørar som vi håpar vil vere med – og målet er å hente inn betydeleg meir kapital, fortel han.

Picterus skjermfoto Picterus com 11
EFFEKTIVT: Kring 200.000 barn dør, eller får hjerneskade kvart år som følgje av gulsott verda over. Prosessen med å ta bilde og få svar ved hjelp av løysinga til Picterus, er gjort i løpet av eitt minutt. Skjermfoto: Picterus.com

Unik måleteknologi for gulsott
Picterus har også sikra seg fleire tiltal millionar kroner frå EU tidlegare, i form av sokalla akselerator-tilskot. Etterpå fekk dei beskjed om at dei «gjerne måtte søke på nytt» - og i sommar kom dei igjen gjennom nålauget.

– Vi har utvikla ein unik måleteknologi der du kan bruke mobiltelefonen til å «screene» spedbarn for gulsott, ved hjelp av eit kalibreringskort, seier Thomsen.

Selskapet blei starta i 2015 og Thomsen kom først inn som styreleiar og investor i 2020. Etter at produktet fekk medisinsk godkjenning og skulle lanserast, gjekk han inn som dagleg leiar for å leie den kommersielle satsinga.

Jobbar med global lansering
I vestlege land er ikkje gulsott eit stort helseproblem, men kring halvparten av alle barn som blir fødd er i risikogruppa. Difor blir det nytta store ressursar på overvaking.

– I land med dårlegare utvikla helsetilbod, er det kring 200.000 barn som dør, eller får hjerneskade kvart år som følgje av gulsott, seier han.

No jobbar dei med lansering på den globale marknaden for å skalere opp salet.

Tormod Thomsen picterus Foto Marius Rosbach 22
ENKELT, MEN AVANSERT: Ved hjelp av eit slikt kalibreringskort i papp og ein applikasjon på mobiltelefonen kan brukarane avgjere om spedbarn har gulsott, eller ikkje. Foto: Marius Rosbach

Allereie i sal i Europa, Asia og Midt-Austen
Førebels har selskapet sikra seg salsavtaler i Europa, Asia og Midt-Austen, og jobbar med avtaler både i USA og på det afrikanske kontinentet.

Thomsen håpar at dei får «nokre millionar» i inntekt allereie i år, men målet er meir ambisiøst.

– Vi har respekt for at det tek tid å endre pasientflyt og arbeidsrutinar i helsevesenet, men vi håpar å kunne få til nokre tiltal millionar i salsinntekter neste år, seier Thomsen.

Kostbare alternativ
Marknaden for metoden er todelt: Det eine er sjukehus og medisinsk personell som jobbar til eksempel på helsestasjonar.

– Dei har no eit verktøy som kan nyttast kor som helst ved hjelp av mobiltelefonen. Alternativet er å ta ei blodprøve som må sendast til eit laboratorium, eller bruke ein form for måling som kostar mellom 7000 og 9000 euro, seier han.

I mange tilfelle – spesielt i fattige land - har helsearbeidarane heller ikkje tilgang til desse alternativa.

Det andre bruksområde er «heimetestar» der foreldre sjølv kan ta bilde av borna for å vurdere om spedbarnet er råka av gulsott. Det siste EU-tilskotet skal nyttast til å utvikle ei løysing som hjelper foreldre til å ta den avgjerda.

– Vi har begynt å selje produktet og i første omgang signerer vi avtaler med distributørar som har ei portefølje i helsevesenet, seier Picterus-sjefen.

Trinnvis satsing
Thomsen fortel at det er avgjerande at dei lukkast med å kome inn i store marknader for å få veksten dei ønsker seg.

I første omgang siktar dei seg inn mot helsevesen, både for å hauste erfaringar, men også truverd i marknaden. I neste runde ser dei føre seg i gå meir mot allmenne brukarar som foreldre til heimebruk.

– Trenden i helsevesenet over heile verda er at det er mangel på folk og ressursar, og at ein må flytte meir av pasientbehandlinga ut frå sjukehusa, påpeiker Thomsen.

I framtida kan selskapet også knytte betaling til bruk av applikasjonen på telefonen, eller abonnementsløysingar, til eksempel for sjukehus.

Det er ingen tvil om behovet, men det er ein krevjande prosess å få gjennomslag i ein internasjonal marknad
Tormod Thomsen

– Ingen tvil om behovet
Tilbakemeldingane har vore gode, spesielt frå helsearbeidarar som jobbar utanfor sjukehusa, til eksempel jordmødrer på heimebesøk.

Samtidig trur Thomsen at mange som jobbar på sjukehus vil føretrekke å ta eit bilde med mobiltelefonen, i staden for å stikke spedbarna for gjentakande blodprøver og vente på resultata.

– Det er ingen tvil om behovet, men det er ein krevjande prosess å få gjennomslag i ein internasjonal marknad, understrekar han.

Publisert: 24.08.2023 05:00

Sist oppdatert: 23.08.2023 23:04

Mer om