Gjer det lett fett eller billeg
GODE HISTORIER: Sjømatnæringa kan selje på gode historier og fleire produkt som er lette å lage, meiner Øystein Hagen i strategirådgivingselskapet Æra og Pål Erik Michelsen i Lerøy Seafood Group.
Nytt

- Gjer det lett, fett eller billeg!

Sjømatnæringa må gjennom ei omfattande endring for å hindre at den taper grepet om unge kjøparar.

03.05.2018
- Vi held på å misse ein heil generasjon, sa Øystein Hagen om sjømatnæringa sin status hos yngre forbrukarar i opningsforedraget på fiskeri- og oppdrettskonferansen "The Next Wave" på Giske i dag.
Hagen er grunnleggar og leiar for strategirådgivingsfirmaet Æra og gav eit overblikk over kvifor sjømatforbruket hos yngre forbrukarar er på veg ned. Dei tre siste åra er det berre nordmenn over 65 år som har auka fiskeforbruket, og aller verst - sett frå sjømatnæringa si side - er det hos dei yngste.

Feil assosiasjonar

Har Hagen rett står det dårleg til for sjømatnæringa hos yngre kjøparar.
- Fisk er vanskeleg, det er døllt og det er dyrt, sa Hagen i foredraget.
For å snu den oppfatninga tilrår han tre grep.
- Gjer det lett, fett (populært, red. merk), eller billeg, sa han.

Mykje å spele på

Den negative utviklinga er fullt mogleg å snu, meiner Hagen. Det handlar mellom anna å spele på reint hav og truverdige historier om fiske og oppdrett. Folk vil ha ei historie med på kjøpet, og den treng vi ikkje dikte opp.
Men alle ledd i næringa må tenke på meir på sluttproduktet.
- Vi har alle føresetnader for å lukkast. Så er utfordringa at vi har vore og er framleis sterk råvareorientert, seier Hagen til NETT NO.

Meir ferdigvarer

Hagen arbeider mellom anna for sjømatkonsernet Lerøy Seafood Group, som satsar på å utvikle sjømatprodukt som krev lite anna arbeid for kjøparane enn å legge maten i omn, steikepanne eller gryte. Selskapet er eitt av dei største oppdrettsselskapa i Noreg og eig også fiskebåtreiarlaget Havfisk og kvitfiskindustribedrifta Norway Seafoods.
Såkalla convenience-produkt er viktig, seier brand- og marketing director Pål Erik Michelsen i Lerøy Seafood Group.
- Convenience blir premissgivaren. Skal vi kome oss inn i det trange tidsskjemaet for familiar med mindre barn, så må det vere enkelt, seier Michelsen.
Det same gjeld og yngre utan barn, der produkta må tilpassast matvanar der det er færre tradisjonelle middagmåltid ved kjøkkenbordet enn før.
Vi har alle føresetnader for å lukkast. Så er utfordringa at vi har vore og er framleis sterk råvareorientert

Publisert: 03.05.2018 12:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:21