Senterpartiet sin næringspolitiske talsmann Geir Pollestad seier torsdag til at dei vil gjere lokaliseringa av eit samanslått GIEK (Garantiinstituttet for eksportkreditt) og Eksportkreditt Norge til ein valkampsak.
Organiseringa av den nye etaten ligg til eit interimstyre som etter planen skal ha klar ei omorganisering til sommaren. Pollestad håpar likevel at dei vil få med seg Arbeidarpartiet i saka, og planlegg å stille fleire spørsmål om saka i Stortinget.
Pollestad fortel at han ser føre seg tre ulike måtar å organisere den samanslåtte eininga.
– Vi har ikkje teke noko avgjerd om kva av desse tre modellane vi går for. Vi har heller ikkje nokon meining no om kva for byar ein kan flytte til. Det vil vi måtte jobbe vidare med. Hovudpoenget for oss er at vi ønskjer at desse etatane kjem nærare det næringslivet dei er sett til å tene, seier Pollestad til avisa.
På spørsmål frå NETT NO onsdag, om det er aktuelt å vurdere eit slikt lokalkontor, ga styreleiar Morten Støver uttrykk for at det er for tidleg å ta stilling til spørsmålet.
– Kva som er den optimale organiseringa for å løyse etatens oppgåver er noko vi må komme tilbake til. Dette er også noko den framtidige daglege leiaren for etaten vil jobbe med, opplyste Støver.
I kapitelet som omhandlar styring og lokalisering av hovudkontor, påpeiker rapportskrivarane at arbeidet med eksportfinansiering er risikoutsett, og at kompetansen «i hovudsakleg etablerast og rekrutterast frå leiande finansielle sentra».
Så kjem setninga som no har provosert Stig Remøy og andre i næringslivet på Nordvestlandet: «Oslo er den eneste lokasjonen i Norge som har kritisk masse av relevant kompetanse for denne typen virksomheter».
Remøy peika også på at Senterpartiet er det einaste partiet som «tydeleg og konsekvent kjempar mot sentralisering for sentraliseringa si skuld». Han åtvara om at vegen vekk frå regjeringspartia kan vere kort for mange leiande folk i næringslivet langs kysten.
Organiseringa av den nye etaten ligg til eit interimstyre som etter planen skal ha klar ei omorganisering til sommaren. Pollestad håpar likevel at dei vil få med seg Arbeidarpartiet i saka, og planlegg å stille fleire spørsmål om saka i Stortinget.
Pollestad fortel at han ser føre seg tre ulike måtar å organisere den samanslåtte eininga.
- Hovudkontor i Oslo og sterke lokalkontor langs kysten.
- Regionalisering på linje med korleis Innovasjon Norge er organisert i dag.
- Det tredje alternativet er å flytte hovudkontoret ut av Oslo.
– Vi har ikkje teke noko avgjerd om kva av desse tre modellane vi går for. Vi har heller ikkje nokon meining no om kva for byar ein kan flytte til. Det vil vi måtte jobbe vidare med. Hovudpoenget for oss er at vi ønskjer at desse etatane kjem nærare det næringslivet dei er sett til å tene, seier Pollestad til avisa.
Meiner det er for tidleg å ta stilling
Diskusjonen kring lokaliseringa har teke fyr, som følgje av Stig Remøy sitt forslag om å . Mellom anna tok leiaren av Næringsforeningen Ålesundregionen på NETT NO.På spørsmål frå NETT NO onsdag, om det er aktuelt å vurdere eit slikt lokalkontor, ga styreleiar Morten Støver uttrykk for at det er for tidleg å ta stilling til spørsmålet.
– Kva som er den optimale organiseringa for å løyse etatens oppgåver er noko vi må komme tilbake til. Dette er også noko den framtidige daglege leiaren for etaten vil jobbe med, opplyste Støver.
Fastslår at hovudkontor må til Oslo
Bakgrunn for diskusjonen er mellom anna konklusjonen i ein som kom i november 2019. Den omhandlar , som mellom anna bidreg med støtte og finansiering til bedrifter.I kapitelet som omhandlar styring og lokalisering av hovudkontor, påpeiker rapportskrivarane at arbeidet med eksportfinansiering er risikoutsett, og at kompetansen «i hovudsakleg etablerast og rekrutterast frå leiande finansielle sentra».
Så kjem setninga som no har provosert Stig Remøy og andre i næringslivet på Nordvestlandet: «Oslo er den eneste lokasjonen i Norge som har kritisk masse av relevant kompetanse for denne typen virksomheter».
Meiner behovet for tettare kontakt er større
Herøy-reiar Stig Remøy viste i ein til utviklinga dei seinaste åra med at dei store forretningsbankane er mindre til stades i regionen, og at behovet for tettare kontakt difor er større.Remøy peika også på at Senterpartiet er det einaste partiet som «tydeleg og konsekvent kjempar mot sentralisering for sentraliseringa si skuld». Han åtvara om at vegen vekk frå regjeringspartia kan vere kort for mange leiande folk i næringslivet langs kysten.
Les også:
Synspunkt:
Hovudpoenget for oss er at vi ønskjer at desse etatane kjem nærare det næringslivet dei er sett til å tene
Publisert: 07.01.2021 14:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:11