Gjorde historiske vrakfunn i Svartehavet
SVARTEHAVET: Mange av skipsvraka er i svært god stand, og kastar nytt lys over 2500 års skipsfartstradisjon.
Nytt

Gjorde historiske vrakfunn i Svartehavet

Havila Subsea har funne 60 skipsvrak i Svartehavet, nokre 2500 år gamle, og i overraskande god stand. Arkeologane er i ekstase.

27.09.2017
- Denne samlinga av skipsvrak utgjer det finaste undervassmuseumet i verda, seier professor Jon Adams ved Universitetet i Southampton, i ei melding frå The Black Sea Map, som har tatt initiativet til dei arkeologiske undersøkingane.
Havila Subsea er i tre år innleigd av det Haugesund-baserte selskapet Reach Subsea. I samarbeid med det svenske selskapet MMT har Reach Subsea leigd ut Havila Subsea til det spesielle oppdraget.

Stort prosjekt

The Black Sea Map er eitt av dei største arkeologiske prosjekta som nokon gong er gjennomført, og prosjektet hadde i utgangspunktet ikkje fokus på å finne skipsvrak, men å undersøke korleis endringa av havnivå etter siste istida har påverka miljøet i Svartehavs-regionen.
Men ved hjelp av føralause undervassubåtar, avanserte undervasskamera og anna utstyr vart det gjort funn som kastar nytt søkjelys over 2500 år med skipsfartshistorie.

- Ser nesten nytt ut

Professor Jon Adams, som leier ekspedisjonen, opplyser at det mellom anna vart gjennomført dykk ned på eit handelsfartøy frå den bysantiske perioden.
- Skipet er i forbausande god stand. Strukturen på tømmeret ser nesten ny ut, seier Adams, ifølgje .
Ein hovudgrunn til at skipsvraka er i så god forfatning etter så mange år er at Svartehavet er så å seie oksygenfritt under visse djupne, slik at nedbrytingsprosessen går svært langsomt.
Det er gjort ei rekkje undersøkingar av skipsvraka, inkludert bruk av laserskanning. Undersøkingane så langt viser at dei eldste skipa er frå det fjerde – og femte århundre før Kristus – altså rundt 2500 år gamle.

Master, tau og utstyr

Ettersom det er funne vrak over eit svært langt tidsspenn, har ein gjennom desse funna fått ny informasjon om handels- og kommunikasjonsmønsteret frå før Kristus og fram til nyare tid.
På fleire av skipa står mastene framleis oppreiste, ein ser tauverk, der ligg utstyr på dekk og der er utskjeringar og detaljar som hittil berre er gjengitt på teikningar eller omtala i skriftlege kjelder.
- Vi har aldri sett noko liknande før, seier doktor Kroum Batchvarov ved Universitetet i Connecticut.
- Her brettar historia seg ut framfor oss.

25 døgns arbeid

Den vitskaplege delen av prosjektet er leia av nokre av dei fremste marine arkeologane frå Storbritannia, Bulgaria, Sverige, Hellas og USA.
Havila Subsea har no avslutta arbeidet i Svartehavet etter å ha vore i arbeid i 25 døgn.
Ifølgje la Havila Subsea ut frå Burgas i Bulgaria 25. august, og returnerte til hamn 19. september etter å ha gjort dei eineståande funna.

19 frå Havila

I tillegg til forskarar og mannskap frå MMT/Reach Subsea, har Havila Subsea om bord 19 av sitt eige mannskap.
Det var i januar i år at Havila Subsea vart tatt ut av opplag etter at Havila Shipping inngjekk ein langvarig kontrakt med Reach Subsea.
Avtalen er på tre år, med to opsjonar kvar på eitt år.
Les fleire detaljar om den historiske oppdaginga
Vi har aldri sett noko liknande før. Her brettar historia seg ut framfor oss

Publisert: 27.09.2017 14:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:14