NETT NO/ NPK:NTB: Fensfeltet i Telemark er rekna med å kunne ha den største konsentrasjonen av sjeldne jordartar i Europa. Her vil selskapet Rare Earths Norway (REN) satse på gruvedrift. Er forekomsten drivverdig blir det snakk om investeringar på mange milliarder kroner, sa styreleiar Sturla Steinsvik til Nett No i 2022. Berre arbeidet med å kartlegge om feltet er kommersielt drivverdig vil koste 700 millionar kroner, anslo han.
Steinsvikfamiliens selskap Hustadlitt er 95 prosent eigar av Rare Earths Norway. Hustadlitt-konsernet omfattar mellom anna Hustadkalk i Hustadvika kommune i Romsdal og Brønnøy Kalk i Nordland. I fleire år no har familien også sett på marknaden for sjelden jordartar og kva som kan finnast i bakken i Telemark.
Utvinning av sjeldne jordartar, som mellom anna er viktig i elektronikkprodukt, er i dag dominert av Kina og det uroa både lanbd i Europa og USA.
I dag melde regjeringa at staten tek over planansvaret for Fensfeltet frå kommunen.
Raskare prosess
Den statlege overtakinga er godt nytt, meiner dagleg leiar Alf Reistad i Rare Earths Norway.
– Det legg til rette for at planprosessen kan gå betydelege raskare, seier han.
Det er uansett regjeringa som må vege nasjonale interesser opp mot lokale naturinteresser i følgje Reistad. Han tek regjeringa sitt vedtak som eit positivt teikn.
– Dette viser at regjeringa vurdere dette til å vere veldig viktig strategisk for landet.
– Ei viktig avgjerd, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) om at staten overtek. Det er viktig å få opp produksjonen i Noreg for å få tilgang til kritiske mineral framover, og gruvedrift kan også skape arbeidsplassar og ny industri i Telemark.
– Det er derfor viktig å halde god framdrift for å utvikle Fensfeltet, seier Støre.
Vil ha statleg selskap
Statleg planansvar er bra, men ikkje nok, meiner Senterpartiet og Raudt. Dei to partia ønskjer at det blir oppretta eit statleg mineralselskap.
– Arbeidarpartiet ser ut til å ha gløymt noko av den suksessen bak Noreg. I starten av oljeeventyret oppretta vi eit statleg selskap. Det same bør vi gjere med mineral no, seier næringspolitisk talsperson Geir Pollestad (Sp).
Senterpartiet la før påske fram eit forslag i Stortinget om å opprette eit slikt selskap. Det gir høve til å ta risiko, sikre nasjonal kontroll og løfte prosjekt i samarbeid med private investorar, understrekar Pollestad.
Også Raudt meiner staten må styrkje grepet om ressursutvinninga.
– Minerala i Fensfeltet er dei felles naturressursane våre. Det er ikkje den private eigedommen til eit selskap som dei skal kunne tene seg rike på åleine. Om dette kan bli eit så stort industrieventyr som statsrådane snakkar om, må vi tenkje som med olja og vasskrafta og sørgje for at gevinsten kjem heile fellesskapen til gode, seier næringspolitisk talsperson for partiet Geir Jørgensen.
Høgre og Frp støttar staten
Høgre har allereie gått ut med støtte til at staten overtek planansvaret.
– Statleg plan blir nytta på større vegprosjekt, men Fensfeltet er eit gigantisk industriprosjekt som krev store avklaringar, enorm saksbehandlingskapasitet og går over fleire kommunar og fylke for heile verdikjeda, seier næringspolitisk talsperson Bård Ludvig Thorheim.
Utvikling av Fensfeltet vil bety mykje for tilgangen til sjeldne jordartar i Noreg og Europa. I dag reknar ein med at rundt 70 prosent av utvinninga av sjeldne jordartar skjer i Kina.
Også Frp er positiv til at det blir bede om statleg plan, men åtvarar mot å la prosessen bli treg og langdryg.
– Frp kjem til å henge på og fremje nødvendige forslag som trengst for realisering av prosjektet. Vi må auke sjølvforsyningsgrada og forsyningstryggleiken vår no, ikkje bruke 20 år på planprosess, seier stortingsrepresentant Marius Arion Nilsen.
– At Fensfeltet no blir eit nasjonalt ansvar, er heilt i tråd med viktigheita som feltet har for både norsk og europeisk tilgang til kritiske mineral og råvarer, seier NHO-direktør Ole Erik Almlid i ei fråsegn.
Mykje større enn først rekna med
I vår vart det kjent at feltet er langt større enn tidlegare anslått. Ifølgje det oppdaterte estimatet vart omfanget av sjeldne jordartar oppjustert frå 8,8 millionar tonn i 2024 til 15,9 millionar tonn i 2025. Feltet kan dermed vere 80 prosent større enn først anteke.
Korleis gruva skal byggjast har vore diskutert lenge. Det er grunn til å tru at utviklinga av Fensfeltet er eit prosjekt med nasjonal betydning og kan bli viktig for europeisk forsyning av strategisk viktige mineral. Men gruvedrift møter utfordringar knytte til både global konkurranse og miljøkonsekvensar.
– Eg har vore med på mykje som lokalpolitikar, men det er ingenting eg har vore med på som har hatt det same endringspotensialet som no står på døra i Nome i Telemark, sa kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran (Ap) på pressekonferansen.
Han påpeikar viktigheita i den lokale tilslutninga. Planprosessen er den same på departementsnivå som på kommunalt nivå, med same krav til medverknad, høyring og offentleg ettersyn.
– Det kan likevel ikkje fremjast innvending til statlege planar, og det kan heller ikkje klagast på reguleringsvedtaket, seier Skjæran.
Publisert: 22.04.2026 14:01
Sist oppdatert: 22.04.2026 14:02






