God Jul fraa NETT NO
Nytt

God jul frå NETT NO!

Verda treng meir mat. Bedriftene på Nordvestlandet bidreg allereie mykje, og kan bidra meir. 

Administrator
23.12.2019
Det handlar mykje om mat i årets NETT NO-magasin. Det er det sjuande i rekka der vi tek pulsen på næringslivet i dei 23 kommunane på Nordvestlandet.

Det er fort gjort å verte uroleg for konsekvensane av dei store underskota i bedriftslokomotiv som Vard Group, Kleven Verft, Ulstein Verft og mange av offshoreselskapa.
Men trass ni at fleire av dei største slit, er realiteten at det finst ein stor underskog av bedrifter som gjer det godt.
Fleire av desse løftar vi fram i dette magasinet, der vi har ekstra fokus på den enorme matproduksjonen i regionen.
Berre ta pizzaproduksjonen på Stranda. Her vert det produsert 114 pizzaer i minuttet og årleg går det med smått fantastiske 450 tonn med paprika.
For ikkje å snakke om all fisken som lineflåten til Ervik-reiarlaget og andre fiskarar i nordvest bidreg med.
Om du et fish & chips i England, kan du vere nokså trygg på at hysa eller torsken er fiska av ein båt frå Sunnmøre eller Nordfjord.
Et du bacalao i Portugal, er det 80 prosent sjanse for at klippfisken kjem frå Ellingsøya eller Ålesund.
Og grillar du deg ein hamburger om sommaren, er sjansane store for at kjøtet kjem frå Nordfjord Kjøt i Loen.
Møre og Romsdal marknadsfører seg no som matfylket, og med god grunn. I fjor vart det eksportert varer ut av fylket for 40,5 milliardar kroner, der 19,8 milliardar var fisk, og ikkje minst laks slakta ved Mowi sitt lakseslakteri på Eggesbønes.
I år har eksporten stige kraftig, og det vert nok ein gong ny eksportrekord.
Og i kjølvatnet av dei store aktørane, dukkar det opp ei lang rekkje lokalmatprodusentar. Berre i Møre og Romsdal har talet passert 150, og fleire er på veg.
I magasinet besøker vi nokre av desse.
NETT NO-magasinet er skrive med tanke på at det skal vere verd å ta vare på, som eit oppslagsverk om tilstanden i næringslivet på Nordvestlandet. Difor har vi også med ei rekkje statistikkar, i tillegg oversikt over dei 100 største bedriftene, og dei 50 som ventar på å kome inn på hovedlista.
Vi håper at magasinet fell i smak.
God Jul og god lesing!
Kjetil Haanes, Ogne Øyehaug og Marius Rosbach

Publisert: 23.12.2019 15:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48