God Jul fraa NETT NO
Foto: Wikimedia Commons
Nytt

God Jul frå Nett No-redaksjonen

Nordvestlandet har blitt meir mangfoldig sidan Nett No starta. Det skriv vi om i det 12. Nett No-magasinet.

23.12.2024

Frå vi starta Nett No i 2013 har Nordvestlandet endra seg, og på mange vis til det betre.

Jobbtilbodet er blitt meir mangfoldig, kultur- og underhaldningstilbodet har blir større, restauranttilbodet er utvida.

Det skriv vi om i den tolvte årgangen av Nett No-magasinet, som blei publisert i november 2024.

  • Jul- og nyttårsdagane legg NETT NO ut ei rekkje artiklar som tidlegare er publiserte i magasinet. Artiklane er opne også for ikkje-abonnentar. 
  • Les heile magasinet her

Tidleg i 1990-åra hadde Ålesund berre éin restaurant som passa til forretningsmiddagar. No er der to – berre i Måløy. 

Ålesund har blitt ein advoktatby, og miljøet så stort at byen trekkjer til seg jus-studentar utan noko tilknytning til Nordvestlandet.

Summen av alt dette er at Nordvestlandet er blitt meir attraktivt for fleire. Regionen er styrka i konkurransen og folk og arbeidskraft.

Sidan NETT NO såg dagens lys i 2013 har vi kvart år henta ut ei oversikt frå Bisnode over korleis næringslivet gjer det.

Rekneskapsdatabasen omfattar bedrifter med over fem millionar i driftsinntekt i kommunane i Nordfjord (medrekna den delen av Kinn som var Vågsøy kommune), alle kommunane på Sunnmøre - og frå 2021, Molde, Rauma og Vestnes. Databasen omfattar over 3300 bedrifter og årets utgåve omfattar rekneskapstal frå 2019 og fram til og med 2023.

Møbel-, bygg- og anlegg og varehandel har fått det tøffare på grunn av høgare rente, og stigande kostnadar. Med tredje år på rad med store kutt i torskekvotane må også deler av fiskeflåten rekne med fallande lønsemd.

Samstundes går store deler av næringslivet Nordvestlandet tradisjonelt er kjent for godt, spesielt med ein oppsving for maritime bransjar - der etterspørselen etter arbeidskraft er på veg mot kva den var under offshoreboomen for over ti år sidan. Av dei 50 selskapa på Nordvestlandet med størst auke i lønsemda frå 2022 til 2023 var halvparten offshorereiarlag, skipseigande selskap, verft eller verftseigarar. 

Arbeidsløysa er låg og utfordringa for mange bedrifter er framleis greie å rekruttere nok folk til ledige jobbar.

Vi ønskjer våre lesarar og annonsørar ei retteleg God Jul!

Ogne Øyehaug, Marius Rosbach og Karoline Prytz Berset

Publisert: 23.12.2024 13:00

Sist oppdatert: 23.12.2024 13:08

Mer om