God sesong for Hornindal skisenter
Nytt

God sesong for Hornindal skisenter

Hornindal Skisenter auka lønsemda i førre sesong.

25.01.2019
I sesongen 2017/2018 sikra den gode vinteren både godt med snø og gode resultat i ein lang sesong.
Selskapet er dugnadsbasert og driv skianlegget og turløypene i Hornindal, med to tilsette på vinterstid og hadde i tillegg rundt 120 personar på dugnadsarbeid i i sving i fjor.

Snøkanoner

Til denne sesongen har senteret fått snøkanoner på plass, som sikrar at senteret kan open skitrekket tidlegare og stenge seinare i sesongen.

Halvegs utbygd

Hyttetomtene ved Hornindal Skisenter har blitt eit attraktivt alternativ til å bygge hytte i Stryn, spesielt for hyttekjøparar frå ytre søre Sunnmøre.
I fjor vart det gravd ut 17 hyttetomter, og så langt i januar ligg Inge Olsen i utbyggingsselskapet Harevadet Hyttegrend an til å selje seks nye tomter.
Hyttefeltet omfattar 111 tomter og eit område der det kan byggast tettare, til dømes leilegheitsbygg. Hittil er 76 av tomtene selde, i følgje Olsen.

Publisert: 25.01.2019 15:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30