Oslo børs
BØRSEN: Oslo Børs steig ein prosent ferdag. Dei fleste selskapa i nordvest fulgde straumen. Foto: Oslo Børs
Nytt

God slutt etter turbulent veke

Hexagon Purus var av vinnarane på Oslo Børs fredag.

25.02.2022

Dei fleste av dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet hadde ein god børsdag fredag.

Best gjorde Hexagon Purus det med ein børsauke på vel 15 prosent til 22,36 kroner aksjen, etter at selskapet torsdag melde om ein avtale i Polen.

Avtale i USA
Også Hexagon Composites steig, men berre vel ein prosent fredag, etter at Hexagon-dottera melde om kontrakt på leveransar av modular til frakt av fornybar naturgass.

Avtalen er med amerikanske Renew Gas Transportation, og har ein verdi på rundt 49,5 millionar kroner.

Leveransen av modulane skal skje i fjerde kvartal i år og ut første kvartal neste år.

La fra tal
Havila Shipping la fram kvartalstal, og melde om reverserte nedskrivingar og betre utsikter. Det tok børsen med eit gjesp, og aksjekursen slutta ned 0,2 prosent.

Investorane likte ikkje bodskapen frå Solstad Offshore, som også kom med tal. Aksjen fall 6,6 prosent til 13,34 kroner etter å ha stige kraftig tidlegare i veka.

Derimot var det ein betre dag for Hav Group, som steig 7,2 prosent til 14,05 kroner. Litt steig også kursen til Havila Kystruten, eit selskap som er i konflikt med Molde-selskapet Norwegian Marine Interior.

Både Arctic Bioscience og Statt Torsk hadde fin kursauke på tampen av fredagen etter at aksjekursen til dei to selskapa har variert mykje siste dagane.

Under 100 dollar
Opp gjekk også oppdrettselskapa Atlantic Sapphire og Salmon Evolution, medan mobiloperatøren Nortel hadde ein liten nedgang etter ein børsdag der hovedindeksen gjekk opp med 1,0 prosent.

Oljeprisen svekka seg utover dagen. Fredag morgen var Brent-oljen over 100 dollar, men låg ved børsslutt på rundt 97 dollar fatet.

Lakseprisen fell
Krisa i Ukraina pregar bildet, og har blant anna ført til eit kraftig prisfall på laks.

Avisa iLaks har snakka med fleire kjelder som melder om eit prisfall på over ti kroner kiloen frå førre fredag, til eit snitt på om lag 80 kroner.

Nedgangen kjem av at mange trailersjåførar frå Ukraina er kalla inn til krigen. Dessutan reduserer Polen kapasiteten på foredlingsfabrikkane sidan mange ukrainarar som jobbar der, har vendt heim for å delta i krigen.

Prisfallet kjem etter to veker med rekordhøge lakseprisar.

Publisert: 25.02.2022 16:53

Sist oppdatert: 25.02.2022 17:05