Leif Magne Langset Bent Martini foto Langsetkonsernet kjetil Haanes
MØTEST I RETTEN?: Om partane ikkje inngår forlik, blir truleg både styreleiar Leif Magne Langset (t.v) i Langsetkonsernet som eig Norwegian Marine Interior, og Havila Kystruten-sjef Bent Martini å finne i retten. Foto: Langset/Kjetil Haanes
Nytt

15,3 millionar mot 213.000 kroner

Molde-selskap og Havila Kystruten står langt frå kvarandre. Striden kan hamne i retten.

25.02.2022

At partane i striden mellom Norwegian Marine Interior (NMI) i Molde og Havila Kystruten Operations står langt frå kvarandre, kjem tydeleg fram i stemninga til Møre og Romsdal tingrett. Havila Kystruten Operations er eit datterselskap av Havila Kystruten.

Advokatfirmaet Grette, som fører saka for Norwegian Marine Interiors skriv i stemninga at kravet frå Norwegian Marine Interior er knytt til arbeid selskapet gjorde på oppdrag for Havila-selskapet, og ikkje for Tersan Shipyard i Tyrkia, som byggjer fire skip for Havila Kystruten.

Kravet er delt i to, og gjeld arbeid på dei to første. Det omfattar både arbeid gjort i Tyrkia og etter at det første kystruteskipet kom til Bergen for siste klargjering.

Meiner Havila Kystruten er avtalepartnaren
I følgje stevninga er det ingen tvil hos Norwegian Marine Interior om kven som er avtalepartar:

"For enkelte oppgraderingsarbeider og endringsarbeider ble det avtalt at NMI skulle få oppgjør direkte fra Havila. NMIs krav mot Havila er for fremstillingens skyld delt i to.

Del 1 av NMIs krav gjelder vederlag for standardoppgradering («design upgrades») Havila bestilte på NB 1093 og NB 1094. Samlet krav for dette er EUR 819 897,45.

Del 2 av NMIs krav gjelder tilleggsarbeider på NB 1093 NMI utførte på bestilling fra Havila, etter at skipet hadde ankommet Bergen. Samlet krav for dette er kr 7 014 675,56."

NB 1093 er Havila Capella, som er sett i drift. NB 1093 er Havila Castor, som er venta å bli sett i trafikk i mai.

Avviser det meste
4. februar i år sende Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz AS Havila Kystruten krav om at ubetalte fakturarer for arbeid på Havila Capella i Bergen, på 8,8 millionar kroner, blei betalt med ein gang. Advokatselskapet varsla rettsleg tiltak om Havila Kystruten ikkje betalte (I stevninga er kravet for arbeidet i Bergen justert til sju millionar).

Wikborg Rein Advokatfirma AS svara på vegne av Havila-selskapet i to brev, det siste 11. februar i år. Der vart storparten av kravet frå NMI avvist:

"Vi har sammen med administrerende direktør Bent Martini og prosjektdirektør Kjell Rabben i Havila Kystruten Operations AS ("HKY") foretatt en gjennomgang av det fremsatte kravet. Etter dette er det på det rene at det alt vesentlige av kravet avvises under henvisning til den overordnede begrunnelse som er gitt i vart brev av 7. februar 2022.

På grunnlag av denne gjennomgangen konkluderer HKY med at selskapet skal betale totalt EUR 21, 127,90 til NMI som fullt og helt oppgjør for de postene som HKY har ansvar for. Dette er
samme beløp som HKY opplyste i e-post av 25. januar 2022 at selskapet anså seg forpliktet til å dekke."

Ei sak mellom verft og NMI
21.127,90 euro tilsvarar omlag 213.000 kroner med dagens kurs.

I følgje brevet frå Wikborg Rein er storparten av kravet frå NMI ei sak mellom NMI og Tersan Shipyard.

Havila Kystruten sende tidlegare denne veka ei børsmelding om stevninga: "Havila Kystruten Operations AS bestrider at krav, oppstått under kontrakten mellom saksøker og verftet, kan rettes mot Havila Kystruten Operations AS.", heiter det i børsmeldinga.

Les børsmelding her

Havila Holding er største aksjonær i Havila Kystruten. Havila Holding eig 33,34 prosent av Bakkar og Berg Media as, som gir ut NETT NO

Publisert: 25.02.2022 11:00

Sist oppdatert: 25.02.2022 11:50

Mer om