- Vi ligg vesentleg betre an enn i fjor, seier administrerande direktør Pål Ringstad i Langlo om starten på 2018.
Strandaselskapet auka driftsinntektene i fjor (sjå tabell), og auken har halde fram også i år.
Langlo sitt hovudprodukt er skyvedørsgarderober, som blir selde gjennom byggvarehus over heile landet. Selskapet hadde 64 tilsette i fjor.
Det gradvis blitt fleire regionale og lokale leverandørar dei siste åra og det er det som har bidratt mest til å skjerpe konkurransen i marknaden, etter Ringstad si vurdering. Sjølv om nokre forsvinn, har det kome nye til.
Ringstad trur dei regionale og lokale aktørane vil vere ein viktig faktor i marknaden ei stund til, men at også denne marknaden vil bli påverka av dei generelle endringane i handlemønsteret - som vil vere gunstig for større aktørar.
Systemet er ei vidareutvikling av eit system retta mot forhandlarene, der ordrane blir sendt direkte inn i produksjonssystemet hos Langlo.
Strandaselskapet auka driftsinntektene i fjor (sjå tabell), og auken har halde fram også i år.
Langlo sitt hovudprodukt er skyvedørsgarderober, som blir selde gjennom byggvarehus over heile landet. Selskapet hadde 64 tilsette i fjor.
Lokale og regionale konkurrentar
Trass i ein god start så understrekar Langlo at det er andre halvår som er det viktigaste for selskapet, og at marknaden er prega av tøff konkurranse.Det gradvis blitt fleire regionale og lokale leverandørar dei siste åra og det er det som har bidratt mest til å skjerpe konkurransen i marknaden, etter Ringstad si vurdering. Sjølv om nokre forsvinn, har det kome nye til.
Ringstad trur dei regionale og lokale aktørane vil vere ein viktig faktor i marknaden ei stund til, men at også denne marknaden vil bli påverka av dei generelle endringane i handlemønsteret - som vil vere gunstig for større aktørar.
Teikne sjølv
Langlo lagar garderrobeløysingar på mål og har fått utvikla systemet der kundane sjølv kan gå inn på nettsida og teikne den løysinga dei vil ha, og få lagt inn bestillinga i næraste byggvarehus.Systemet er ei vidareutvikling av eit system retta mot forhandlarene, der ordrane blir sendt direkte inn i produksjonssystemet hos Langlo.
Publisert: 29.06.2018 13:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23