Alesund Foto Arnfinn tonnesen visit alesund og Sunnmore
AUKE: Ålesundhotella ligg over landsgjennomsnittet både i pris og andel utleigde rom i første halvdel av juli.Foto: Arnfinn Tønnesen/Visit Ålesund og Sunnmøre
Nytt

God start på høgsesongen

Ålesund-hotella blant dei som får best betalt per rom i den viktige juli-månaden.

21.07.2025

Gjennomsnittsprisen per utleigd hotellrom i Ålesund var 2036 kroner (ikkje medrekna frukost og moms) i første halvdel av juli i år. Det er 10,2 prosent meir enn i same periode i fjor, ifølgje hotellanalytikar  og -rådgivar Peter Wiederstrøm i Wiederstrøm Hotel Consulting.

Auken meir enn kompenserer for ein liten nedgang i talet på utleigde hotellrom, frå 77 prosent belegg i fjor til 75,1 prosent belegg i første halvdel av juli i år. 

Wiederstrøm sine tal byggjer på informasjon frå Ålesundhotell med tilsaman 770 hotellrom. Samanlikna med prisnivået i andre større byar er Ålesund-hotella blant dei som før best betal i juli, ifølgje Wiederstrøm.

Kristiansund på topp
Rangert etter talet på utleigde rom er det Kristiansund som toppar blant byane i Noreg, med eit belegg på 92,4 prosent i første halvdel av juli i år. Det er ein auke på 7,1 prosent frå i fjor. Også der har hotella fått betre betalt per rom. Gjennomsnittsprisen i var 1284 kroner i første halvdel av juli, opp 8,9 prosent frå same periode i 2024. 

Kristiansand på Sørlandet er hakk i hæl med Kristiansund målt i andel utleigde rom, med Bergen og Lillehammer på dei neste plassane. Deretter kjem Bodø, med omlag same belegg som Ålesund. 

Gjennomnsittet for dei større byane er 70 prosent utleigde rom i første halvdel av juli. Tromsø trekkjer mest ned, med eit belegg på 54,1 prosent. 

Auke i 2024
Gjennomsnittsprisen for eit hotellrom i Ålesund var 1423 kroner i 2024. Det var ei liten auke frå 2023, men ein kraftig auke frå 2019 - året før koronapandemien. Då var gjennomsnittsprisen til hotella i Ålesund under 900 kroner romet.

Berre i Tromsø, Lofoten, Oslo og Bergen fekk hotella leigd ut rom til ein høgare gjennomsnittspris enn i Ålesund i fjor, viser årsstatistikken for 2024  frå Wiederstrøm Hotell Consulting.

Publisert: 21.07.2025 09:14

Sist oppdatert: 21.07.2025 09:14

Mer om