God start på 2024
Fiskeeksportør spent på resten av året.
Ein relativt høgare andel av årets fiskekvotar allereie fiska tidleg i 2024 gjer dagleg leiar Bjørn Otterlei i fiskeeksportøren Polar Seafrozen spent på korleis resten av året blir.
Han bur seg på å finne alternativ for å supplere norske fangstar.
- Vi skal finne fiske ein stad i verda, seier han.
Sjømateksportøren i Herøy eksporterer torsk, hyse, sei, blåkveite, uer, brosme, lange, steinbit, snø- og kongekrabbe.
Kvotekutt, spesielt for torsk, gjer at norske fiskere må reduserer fisket i år.
Godt år, god start
I fjor gjekk inntektene litt ned og lønsemda litt opp for Polar Seafrozen.
Den britiske marknaden hang etter i fjor, men har utvikla seg godt så langt i år, seier Otterlei. Den einaste marknaden med litt brems i år er USA, men også der er det vekst.
Tre eigarar
Otterlei eig Polar Seafrozen saman med Anders Per Vågsholm og Chunling Wang. Wang har ansvaret for den asiatiske marknaden og arbeider ut frå selskapet sitt avdelingskontor i Danmark og Ålesund.
I fjor sysselsette selskapet 5,5 årsverk.
Polar Seafrozen as | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 514,1 | 563,9 |
Driftsresultat | 8,8 | 8,7 |
Resultat før skatt | 5,6 | 6,1 |
Publisert: 27.03.2024 11:00
Sist oppdatert: 27.03.2024 11:31