Gjennomsnittsprisen for eit hotellrom i Ålesund var 1423 kroner i fjor. Det er ei liten auke frå 2023, men ein kraftig auke frå 2019 - året før koronapandemien. Då var gjennomsnittsprisen til hotella i Ålesund under 900 kroner romet.
Berre i Tromsø, Lofoten, Oslo og Bergen fekk hotella leigd ut rom til ein høgare gjennomsnittspris enn i Ålesund i fjor, viser årstatistikk frå Peter Wiederstrøm i rådgiving og analyseselskapet Widerstrøm Hotell Consulting.
– Det stemmer ganske godt, seier Quality Hotel Waterfront-sjef Aina Aalen Bjerkvik om korleis ho kjenner seg att i i den utvikliga tala frå Widerstrøm Hotell Consulting viser.

Auka belegg
Samstundes som Ålesund-hotella få betre betalt for kvar utleigd rom har dei også greidd å leige ut fleire.
Beleggprosenten - andelen utleigde rom i høve til talet på tilgjenglege rom - steig frå under 60 til i underkant av 65 prosent frå 2023 til 2024.
Ålesund-hotella har den niande høgaste beleggsprosent samanlikna med andre norske byar, der Tromsø og Bodø er på topp med over 70 prosent.
Ikkje alle Ålesund-hotell er omfatta av statistikken, slik at talgrunnlaget er ikkje omfattande som andre byar. Statistikken for Ålesund byggjer på tal frå hotell med tilsaman omlag 750 rom.
Meir for kvart rom
Ein målestokk for hotelløkonomien er kor store inntekter hotella har per tilgjengeleg rom, forkorta Revpar (Revenue per available room).
Ålesund-hotella hadde ein Revpar på 882 kroner i 2023, opp frå 828 kroner i 2023.
Blant dei større byane er Tromsø i ei særklasse, med ein Revpar på over 1200 kroner per rom. Oslo har omlag 1000 kroner, og Bergen i overkant av 900 kroner.
– Utruleg bra!
I fjor slo hotell- og andre overnattingsbedrifter på Sunnmøre rekorden frå 2019 og passerte ein million gjestedøgn for første gang, fortel Tom Anker Skrede, dagleg leiar for destinasjonssselskapet Visit Ålesund og Sunnmøre.
Den gode hotellutviklinga er en viktig del av forklaringa.
– Utruleg bra, seier Skrede om hotellstatistikken frå Wiederstrøm Hotel Consulting.
Skrede peikar på at arbeidet med å få besøkande til å kome også utanom toppsesongen no byrjar å bere frukter, samstundes som hotella har greidd å gjere tilbodet sitt meir attraktivt og fått opp prisane.
I fjor auka hotella på heile Sunnmøre besøket i april med 25 prosent samanlikna med året før. For mai var auken 35 prosent, for september 19 prosent og oktober 22 prosent.
Redusert lønsemd
Dei samla inntektene til hotellbransjen på Nordvestlandet auka med drygt 14 prosent frå 2022 til 2023.
Samtidig fall lønnsemda – som allereie var på eit lågt nivå. Hotella som er med i oversikta hadde ein samla resultatmargin på under 0,7 prosent.
Klikk på lenka under for å lese oversikt over hotellresultata på Nordvestlandet i 2023.
Publisert: 17.02.2025 05:00
Sist oppdatert: 21.07.2025 08:10