God vekst for møbelgründerar
- Vi har hatt ein fin start på året med god aktivitet som inneber både små og større prosjekt.
Det opplyser design- og prosjektleiar Marta Myklebust i møbelprodusenten Feel Free Production.
Fabrikken ligg på Holmøyane ved Hornindalsvatnet, og selskapet vart starta opp i 2013. I 2015 kjøpte dei to møbelsnikkarane David Sigurdsson og Jarl Even Eide opp konkursbuet til Holmøy Møbelfabrikk, og har satsa på å lage både unike og spesialtilpassa møblar, som premieskapet til stryningen Tarjei Bø, men selskapet lagar også bruksvenlege og tradisjonelle produkt.
I 2021 hadde selskapet ei omsetning på 6,3 millionar kroner, opp 2,1 millionar frå året før. Drifta gjekk også i pluss etter eit lite tap i 2020.
Feel Free Productions | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2021 | 2020 | |
Driftsinntekter | 6,3 | 4,1 | |
Driftsresultat | 0,1 | -0,2 | |
Resultat før skatt | 0,1 | -0,2 |
Avtale med møbelprodusent
Marta Myklebust opplyser at det går føre produksjon av eit variert utval av møblar.
- Mellom anna interiør til hytter, bar- og resepsjonsdisk til hotell og restaurantar, skreddarsydde garderobeløysingar med meir.
- I tillegg leverer vi komponentar til ein stor, norsk møbelprodusent.
Mange spennande prosjekt
Myklebust seier at framover har selskapet mange spennande prosjekt å sjå til.
- Vi er fast leverandør til SignalNorway der vi skal produsere møblar til kontor, hotell og butikk i løpet av 2022.
- Trass i høg aktivitet har vi god kapasitet og vil eventuelt utvide denne ved behov.
Selskapet satsar også stort på nettsal, og lagar blant anna «Feel Safe», eit skap som er stort nok til å romme eit brannslokkingsapparat samt ei lommelykt og eit fyrstehjelpsskrin.
Tilsette er eigarar
Dagleg leiar David Sigurdsson er hovudaksjonær med 60 prosent av aksjane, der han eig 11,9 prosent åleine og 49,1 prosent saman med familien.
Jan Even Eide eig 20,7 prosent, medan Jan Erik Eide dødsbo eig 9,5 prosent og Marta Myklebust 8,6 prosent.
Selskapet hadde ved årsskiftet 0,7 millionar kroner i samla eigenkapital og ikkje langsiktig gjeld.
Publisert: 02.03.2022 11:34
Sist oppdatert: 15.03.2022 11:35