Grøvik verk 2 foto Ogne i 2014
AUKE: Grøvik Verk har auka salet over 35 prosent sidan 2019. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

God vekst for takrennefabrikk

Ørsta-bedrifta har aldri hatt høgare inntekt enn i fjor.

18.08.2023

Inntektene til takrenneprodusenten i Liadal i Ørsta fall litt år for år frå 2016 til og med 2019, då driftsinntektene var 64,6 millionar kroner.

Dei tre åra etterpå har det gått oppover kvart år og driftsinntektene har aldri vore høgare enn i 2022 (sjå tabell under).

Grøvik Verk fekk eit oppsving då koronapandemine kom, blant anna fordi selskapet kunne ri på bølgja av oppussinga og oppgraderingar som blei sett i gang då folk måtte halde seg meir heime av smittevernutstyr.

Etter generasjonskiftet eig barna Torgeir Furseth Liadal, Erlend Furseth Liadal, Tord Furseth Liadal og Eirin Malene Liadal 23,75 prosent kvar i Grøvik Verk i Liadal i Ørsta, som vart starta av deira bestefar Kåre Liadal i 1956.

Kåre Liadal jr. og ektefellen Margunn eig 2,5 prosent kvar etter generasjonskiftet.

Grøvik Verk as
Tal i mill. kroner
2022
2021
Driftsinntekt
87,5
75,0
Driftsresultat
21,4
14,5
Resultat før skatt
22,2
25,2

Publisert: 18.08.2023 13:23

Sist oppdatert: 18.08.2023 13:23

Mer om