Grøvik verk 2 foto Ogne i 2014
KORONAOPPSVING: Oppussing og rehabilitering gjorde 2020 til eit rekordår for takrenneprodusenten Grøvik Verk i Liadal i Ørsta. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Generasjonsskifte i Grøvik Verk

Tredje generasjon tek over i takrenneprodusenten. Hadde rekordår i fjor.

31.05.2021

- Ein må gjere det ein eller anna gang seier dagleg leiar Kåre Liadal jr. (fødd i 1959) om grunnen til generasjonskiftet.

I tillegg er det ei anna årsak - at det er greit å gjennomføre det no når det ikkje er arveavgift, fortel han.

Etter generasjonskiftet eig barna Torgeir Furseth Liadal, Erlend Furseth Liadal, Tord Furseth Liadal og Eirin Malene Liadal 23,75 prosent kvar i Grøvik Verk i Liadal i Ørsta, som vart starta av deira bestefar Kåre Liadal i 1956.

Kåre Liadal jr. og ektefellen Margunn eig 2,5 prosent kvar etter generasjonskiftet. Inntil vidare er det framleis Kåre Liadal jr. som sit med styringa, ved at han har A-aksjane i selskapet.

Rekordår
2020 blei eit rekordår for takrenneprodusenten, takka vere oppsving i oppussing og rehabiltering under koronakrisa. Driftsinntektene passerte 75 millionar kroner, ein auke på over 10 millionar frå 2019. (sjå tabell)

Lønsemda auka også, og selskapet betalar ut 3,5 millionar kroner i utbytte.

Grøvik Verk as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter75,464,6
Driftsresultat10,78,4
Resultat før skatt11,19,5

Så langt i år ligg selskapet på line med same tid i 2020.

Arveavgift i forkjøpet
Grøvik Verk er ikkje det einaste selskapet der spørsmål om arveavgift spelar ei rolle for når generasjonskifte blir gjennomført.

Tidlegare i år sa Sølvtrans-sjef og -aksjonær Roger Halsebakk at «spekulasjonar om gjeninnføring av arveavgift og arveskatt» i samband med eit eventuelt regjeringsskifte til hausten gjorde at det blei gjennomført eit delvis generasjonsskifte i Ronja Capital II.

Investeringane til Roger Halsebakk ligg i selskapet Ronja Capital II, der Roger Halsebakk eig 52 prosent og Anja og Robin Halsebakk eig 24 prosent kvar, etter generasjonsskiftet. Dei tre eig aksjane i Ronja Capital II gjennom kvar sine investeringsselskap.

Publisert: 31.05.2021 10:03

Sist oppdatert: 24.06.2021 12:19

Mer om