Godt fjoraar for Filtra
SJØHOLT: Frå v: Osvald Ringstad, dagleg leiar, Oddbjørn N. Saure, serviceansvarleg, Bernt Johs Hildrestrand, sales- and servicemanager, Stian Tennfjord, logistikkansvarleg, og Erling With, salgsingeniør. 
Nytt

Godt fjorår for Filtra

God vekst og godt resultat i fjor for Sjøholt-selskapet innan luft og vassbehandling. 

Kristin Vidhammer
31.07.2018
Filtra på Sjøholt, som vart etablert i 2006, har funne ei nisje som leverandør innafor luft- og vassbehandlingsanlegg.
- Rein luft og reint vatn er framtida. Vi har funne ei nisje som vi klarer å konkurrere på sjølv om vi har mange konkurrenter i Norge og utlandet som vi må sloss mot, sa gründar og dagleg leiar Osvald Ringstad til NETT NO i april.
Les også:
Dei leverer i hovudsak skreddarsydde og nøkkelferdige løysningar innan luft- og vassbehandling til industri og offentleg sektor. Dette gjer dei ofte i lag med ulike samarbeidspartnarar. Filtra er reine produktleverandørar inn i anlegga, der dei set i hop utstyret i samarbeid med andre leverandørar.

Mange segment

I tillegg driv dei service og oppfølging, og konseptet er å vere innan både luft- og vassbehandling, noko som gir synergiar.

- Vi har sikkert levert vassbehandlings-anlegg til 250 farty. Vi leverer også anlegg til havbruk- og brønnbåtnæringa, fiske- og fiskeoljeindustri, anna prosessindustri, møbel etc, sa Ringstad vidare.
Sjølv om den maritime industrien utgjer den største delen av kundane, der dei også har snudd seg mot cruise-næringa, har selskapet dei siste åra også hatt god vekst innan offentlege vassverk, hyttefelt etc.

God start så langt i år

Omsetninga har stige kvart år, og med unntak av oppstartåret, har dei gått i pluss kvart år. Dei vart også ei av Gaselle-bedriftene i 2010.
I fjor vart omsetninga nærmare 19 millionar kroner, som er ein vekst på nærmare 30 prosent i forhold til året før. Resultatet før skatt vart nesten 2 millionar, mot ein halv million året før (sjå tabell).
- Vi har også hatt ein god start så langt i år. Vi har ikkje lån, noko som gir friheit. Det har vore viktig for meg at selskapet er økonomisk sterkt nok til å vere her i framtida også, sa han i april.
Dei er no i overkant av sju tilsette.

Publisert: 31.07.2018 15:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:24