Dei siste fire åra har Ap, Sp og SV stadig lansert nye skatte- og avgiftsgrep som er dårleg utgreidde, dårleg forankra og dårleg treft – og skaper kaos og frustrasjon i næringslivet og samfunnet. Deretter – når reaksjonane kjem – snur Ap og kallar det “lytteevne” og “handlekraft”, og set heile sitt digre PR-maskineri betalt av LO i sving.
Eksempla er mange:
· Ekstra arbeidsgivaravgift på løner over 700 000. Innført over natta – fjerna etter to år, men gjorde stor skade på Noreg si nyskapingsevne undervegs.
· Studieavgift for utanlandske studentar. Fekk universiteta til å vakle og søkartala til å stupe, før Ap no snur og varslar at dei vil endre på eigne endringar.
· Straffeavgift på opprusting av vasskraftverk. Innført på eit tidspunkt vi meir enn nokon gong trengde meir kraft– og så trekt tilbake.
· CO₂-avgift på fiskeflåten – innført “over natta” utan dialog med næringa, og no delvis reversert etter store protestar, i ein velregissert PR-kampanje der lokale Ap-folk står fram og tar æra for den heroiske snuoperasjonen.
Og ikkje minst: Ei dramatisk skjerping av formuesskatten på arbeidande kapital, som no gjer det dobbelt så dyrt for norske eigarar å investere i norske bedrifter samanlikna med utanlandske investorar. Denne skatteskjerpinga har Ap-regjeringa sjølv sørga for – men rett før valkampen signaliserer dei plutseleg at dei kan vere med å diskutere kutt i same skatt.
Det er som å snuble i eige tau, og så forlange applaus for å reise seg igjen. Det er ikkje ein god måte å styre eit land på i krevjande tider.
Vi står midt i den største omstillinga i moderne norsk historie. Vi må få fart på nyskaping, grøne investeringar og langsiktig eigarskap. Då treng vi ei regjering som ser framover – ikkje spring i ring.
Venstre vil prioritere å redusere skattebyrden både for folk flest og lokalt eigd næringsliv, styrke skulen, ta vare på naturen og ta kampen mot det stadig større utanforskapet i samfunnet. Der Ap sitt prosjekt er å rydde opp i rot dei sjølv har skapt, vil Venstre tenke nytt for Noreg.
Alfred Bjørlo er stortingsrepresentant og 1. kandidat for Venstre i Sogn og Fjordane
Publisert: 22.07.2025 09:26
Sist oppdatert: 22.07.2025 09:26