Nytt
Golden Energy driv Ulstein-skip
Golden Energy Offshore skal drive to skip for Ulstein-selskapet Blue Ship Invest.
18.11.2014
Blue Ship Invest er det skipseigande investeringselskapet i Ulsmo-konsernet, som i januar i år starta bygging av to plattform forsyningskip ved Ulstein Verft.
No er det klart at skipa skal drivast av offshorereiarlaget Golden Energy Offshore i Ålesund.
Medrekna dei to plattformforsyningskipa frå Blue Ship Invest, har Golden Energy Offshore no ti skip i flåten. Fem er eigde av reiarlaget, fem blir drivne på oppdrag for andre.
Kontakten gir arbeid til 50 tilsette i Golden Energy Offshore, medrekna mannskap og folk i administrasjonen.
Dei to Blue Ship Invest-skipa skal leverast frå verftet i første kvartal 2015.
Fagervoll seier skipa i første omgang blir prøvd utleigd i spotmarknaden.
No er det klart at skipa skal drivast av offshorereiarlaget Golden Energy Offshore i Ålesund.
10 skip i flåten
- Vi får auka volum. Det betyr mykje, seier administerande direktør Per Ivar Fagervoll i Golden Energy Offshore.Medrekna dei to plattformforsyningskipa frå Blue Ship Invest, har Golden Energy Offshore no ti skip i flåten. Fem er eigde av reiarlaget, fem blir drivne på oppdrag for andre.
Kontakten gir arbeid til 50 tilsette i Golden Energy Offshore, medrekna mannskap og folk i administrasjonen.
Skal skaffe oppdrag
Golden Energy Offshore har ansvar for både teknisk og kommersiell drift av dei to Blue Ship Invest-fartya. Det betyr at reiarlaget skal skaffe mannskap og utruste skipa, og også sørge for at dei får oppdrag.Dei to Blue Ship Invest-skipa skal leverast frå verftet i første kvartal 2015.
Fagervoll seier skipa i første omgang blir prøvd utleigd i spotmarknaden.
Vi får auka volum. Det betyr mykje
Publisert: 18.11.2014 14:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39