182.000 besøkande er talet Loen Skylift kan legge på bordet etter fjoråret. Det er ny rekord og grusar forventingane investorane bak Stryn-attraksjonen hadde på førehand.
– Det er fantastiske tal og endå meir enn vi hadde i 2023. Vi er stolte av dette, og har jobba hardt for å kom hit, seier Richard Grov til Nett NO.
Eigaren og direktøren ved Alexandra-konsernet har også vore primus motor bak gondolbana som opna våren 2017.
Før Loen Skylift opna var det knytt spenning til om den ville klare å nå besøksmålet på 65.000 årleg.
I løpet av fjoråret passerte dei besøkande nummer éin million, og er dermed oppe i eit årleg snittbesøk på kring det doble av det opphavlege målet.
– Ønska å skape ein møteplass
Richard Grov påpeikar at det ligg meir bak suksessen enn sjølve gondolbana, som tek besøkande over 1000 meter til topps på Hoven-fjellet.
– Vi har ønskt å skape ein møteplass oppe på fjellet for alt frå luftsport og klatring, til dei som vil gå turar innover fjellet og dei som vil nyte utsikta saman med eit godt måltid.
– Vi ser at det vi drøymde om, har skjedd, legg han til.
I dag er det aktivitet året rundt i fjellet, med vintertilbod som «Norges lengste akebakke», der ein nyttar anleggsvegen opp til fjellet på ein alternativ måte.
Sommarstid er det cruisebesøk og andre tilreisande turistar som dominerer.

Har hatt superlønnsemd
Loen Skylift er berre eit av selskapa som utgjer aktivitetstilbodet til Grov-familien og dei andre investorane i Loen-bygda.
Aktivitetsselskapet Loen Active og Hoven Restaurant som driv servering på toppen av fjellet, høyrer også med.
Dei siste åra har både gondol- og aktivitetsselskapet hatt ei lønsemd dei fleste berre kan drøyme om. Skyliften hadde i 2023 ein resultatmargin kring 42 prosent, medan Loen Active hadde ein resultatmargin på 26 prosent.
– Gode resultat legg grunnlaget for at vi kan utvikle nye prosjekt og idear som kan gjere produktet endå betre, seier Grov.

– Summa summarum eit supert fjorår
Rekneskapen for 2024 er ikkje offentlege enno, men Richard Grov legg ikkje skjul på at pilane held fram å peike opp også i fjor.
– For Hotell Alexandra som er morselskapet i konsernet, betyr det styrking av soliditeten og eigenkapitalen. Den kurva har gått opp for oss dei siste åra, og trenden endra seg ikkje i 2024, fortel han.
– Vi hadde summa summarum eit supert fjorår med mange som overnatta både på Alexandra, og ikkje minst på Hotell Loenfjord, seier Grov.
Investering på meir enn 400 millionar
Då gondolbana blei opna i mai 2017 med dronning Sonja som første gjest, var det investert kring 400 millionar kroner i anlegget.
Sidan har det vorte meir – mellom anna med spektakulære aktivitetstilbod som Via Ferrata-ruter i fjellveggen.
Grov meiner støtta frå lokale investorar og samarbeidet med gondolprodusenten Dopplermeyer har vore avgjerande for suksessen.
– Det er generert verdiar som fleire lokale aktørar har profittert på. Sjølv om Alexandra-konsernet er hovudeigar, har både kommunen, bedrifter og privatpersonar vore med i prosjektet, seier Grov.

Publisert: 17.03.2025 10:34
Sist oppdatert: 17.03.2025 10:37