Greidde å halde på korona-veksten
Lønsemda gjekk ned for Nordfjord Kjøtt, men er framleis høgare enn før koronapandemien.
Då koronapandemien kom i mars i 2020 var strenge restriksjonar på reiser inn og ut av landet eitt av smitteverntiltaka.
Det gjorde at austlendingar som ellers tek turen over grensa til Sverige for å handle kjøt, handla meir i butikkane på norsk side av grensa. Det fekk også Nordfjord Kjøtt - som er hovudleverandør av foredla kjøttprodukt til Rema 1000 - nyte godt av.
Frå 2019 til 2020 steig inntektene til Legula-konsernet - der Nordfjord Kjøtt er det viktigaste datterselskapet - frå 2,13 til 2,57 milliardar kroner. Det er ein auke på 21 prosent.
I fjor var koronarestriksjonane borte, men Legula-konsernet greidde likevel å oppretthalde det nye inntektsnivået ein kom opp på i 2020 (sjå tabell). Samanlikna med 2021 er det ein nedgang på 1,5 prosent i driftsinntektene, og om lag likt med 2020.
Må ha volum
I årsmeldinga si understrekar Legula-konsernet behovet for stort volum, for å kunne drive lønsamt. I fjor gjorde auka kostnadar og redusert etterspørsel at lønsemda gjekk ned.
Frå 2019 til 2020 auka Legula-konsernet resultatmarginen, som er resultat før skatt i prosent av driftsinntektene, frå 4,1 til 6,6 prosent. I 2021 var den 6,5 prosent og i fjor 5,3 prosent.
I år ventar selskapet «et tilfredsstillende resultat», og meiner det er grunnlag for ny vekst for konsernet.
Konsernet sysselsette 326 årsverk i fjor, opp frå 320 i 2021.
Familieeigd
Legula-konsernet er eigd av selskapet Gemto.
Dagleg leiar i Nordfjord Kjøtt og styreleiar i Legula, Geir Egil Roksvåg, eig to prosent av aksjane i Gemto, medan barna Malin og Tom eig 49 prosent kvar. Kontrollen er imidlertid hos senior, som har A-aksjar, medan Malin og Tom Roksvåg har B-aksjar.
Legula as (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 2580,5 | 2619,5 |
Driftsresultat | 127,2 | 174,1 |
Resultat før skatt | 137,7 | 171,6 |
Publisert: 16.08.2023 08:48
Sist oppdatert: 07.12.2023 15:22