Trur på vidare vekst
Legula-konsernet i Loen har auka driftsinntektene over 20 prosent sidan 2019.
Stor volum er viktig for lønsam drift for Nordfjord Kjøtt, fortel selskapet i årsmeldinga.
Med 2562 millionar kroner i driftsinntekter i fjor er Nordfjord Kjøtt det klart største selskapet i Legula-konsernet i Loen (sjå tabell). Dei fleste 320 tilsette i Legula-konsernet arbeider i Nordfjord Kjøtt.
Stort volum har selskapet lukkast med å få dei siste åra.
Legula-konsernet auka driftsinntektene med 21 prosent frå 2019 til 2020 og vaks ytterlegare knappe to prosent til 2020.
Vidare vekst
Både 2020 og 2021 vart rekordår målt i driftsinntekter for Legulakonsernet og i følgje årsmeldinga ventar til Nordfjord Kjøtt ventar selskapet vidare vekst framover og eit godt resultat i år.
I 2021 og 2020 utgjorde resultatet før skatt i prosent av driftsinntektene høvesvis 6,6 og 6,5 prosent.
I 2019 og 2018 utgjorde resultatet før skatt i prosent av driftsinntektene høvesvis 4,1 og 4,4 prosent.
Koronaeffekt
Då koronapandemien kom i mars i 2020 var strenge restriksjonar på reiser inn og ut av landet, eitt av smitteverntiltaka.
Det gjorde at austlendingar som ellers tek turen over grensa til Sverige for å handle kjøt, handla meir i butikkane på norsk side av grensa. Det fekk også Nordfjord Kjøtt - som er hovudleverandør av foredla kjøttprodukt til Rema 1000 - nyte godt av.
Koronaeffekten held seg også i fjor, og om Nordfjord Kjøtt-leiinga får rett greier selskapet minst å oppretthalde nivået på driftsinntektene også i år.
Familieeigd
Legula-konsernet er eigd av Geir Egil Roksvåg og barna Malin og Tom Roksvåg gjennom selskapet Gemto. Malin og Tom Roksvåg eig 49 prosent kvar av selskapet.
Den formelle makta ligg hos Geir Egil Roksvåg, fordi det er han som sit med A-aksjane, som har stemmerett på generalforsamlinga.
I tillegg til Nordfjord Kjøtt omfattar konsernet selskapa Nordfjord Kjøtt Slakt og Loen Kjøtt.
Legula as (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 2619,5 | 2573,1 |
Driftsresultat | 174,1 | 200,2 |
Resultat før skatt | 171,6 | 172,6 |
Publisert: 06.08.2022 05:00
Sist oppdatert: 05.08.2022 21:28