Grimstad broer merkar oppsving og allierer seg
FELLESSKAP: Magne og Åge Grimstad i Fantastiske Osberget saman med fotografane (bak frå venstre) Cecilie Hatløy og Per Eide og medarbeidarane Rakel Ellingsen, Daniel Osnes og Hella Brandal. 
Nytt

Grimstad-brør merkar oppsving og allierer seg

Jubileumsfilm for Hødd vert første oppdrag for kreativt fellesskap i Ulsteinvik.

Marius Rosbach
25.02.2019
Brørne Åge og Magne Grimstad jr. har i ei årrekkje levert grafisk design, reklame, bøker og andre marknadsføringstenester frå hovudbasen i Ulsteinvik. Det har vore tøffe år etter ein brutal nedtur, men no har noko skjedd.
– No ser vi ein tendens til at marknaden går opp. Der pilane har peika nedover, startar dei no å peike opp, seier Magne Grimstad jr. til NETT NO.
Dei påpeiker at bransjen deira tidleg merkar nedturen når bedriftene kniper att på marknadsføringsbudsjetta, og samstundes merkar dei oppgangen seinare når den kjem.
– Vi har starta 2019 veldig bra og det verkar som bedriftene har meir pengar å bruke på tenester som vi tilbyr. Vi trur marknaden endeleg har snudd, legg Åge Grimstad til.
Ein stor kunde som fall heilt vekk under nedturen, har mellom anna begynte å bestille oppdrag att.

Fellesskap med første oppdrag

Med færre tilsette enn tidlegare held dei fram drifta gjennom selskapa Fantastiske Osberget AS og Osberget AS frå lokala på Geileneset i UIsteinvik sentrum.
I det opna lokala er det også vorte plass til fleire i det som er i ferd med å utvikle seg til eit breitt kreativt fellesskap. Saman med fotografane Per Eide og Cecilie Hatløy, håpar dei å lokke til seg fleire kundar. Også Iselin Aske frå har fått kontorplass i lokala.
– Med profesjonelle fotografar både på foto og film auker bredda i tenestene vi kan tilby herifrå, seier Per Eide som sjølv har auka oppdrag frå det marine miljøet.
Fellesskapet har allereie kapra sitt første oppdrag saman, ein jubileumsfilm for IL Hødd i samband med at idrettslaget feirar 100 år i år.
– Vi vil presentere breidda i klubben og no skal vi i gong med å lage storyboard, seier Åge Grimstad.

Fekk brutal nedtur

Omsetnaden i selskapet med namn stupte etter 2013 og gjekk frå 12 millionar til fem millionar i 2015. Inntektene i det andre selskapet, , heldt seg stabile i desse åra. Sjølv om det vart – bortsett frå i 2014 – då Fantastiske Osberget fekk eit minus før skatt på 1,2 millionar.
Då måtte også talet på tilsette kraftig ned.
– Vi hadde ein opptur der alt gjekk til himmels og investerte i kontor i Ålesund, Nordfjordeid, Måløy. Så kom nedturen og då haldt det ikkje å kutte med kniv eller øks. Det vart motorsag og bulldosar, fortel Åge Grimstad ope og galgenhumoristisk.
I desse åra gjekk dei frå 14 til fire tilsette i 2016.
– Vi måtte bita tenna saman og ta runda til kreditorar for å be om nåde. Men i åra etterpå har vi tent pengar og hatt overskott, påpeiker Åge.

Berga av Austlands-kundar

– Det som har berga oss gjennom desse tidene er at vi har hatt eit fotfeste austafor. Den delen av fastlands-Norge har ikkje hatt denne nedturen, og både Åge og eg har hatt kundar der, fortel Magne.
I tillegg til kundar i Oslo-området har dei hatt eigne prosjekt som har hanka inn inntekter, som praktboka om Kjetil Hasund, Levd Liv-bøkene for historielaget og næringslivstreff eit par gonger i året.
– Du må vere litt kreativ i ein slik fase, seier Magne.
I fjor omsette dei to selskapa til Grimstad-brørne for ni millionar til saman og begge leverte overskott.
– No har vi til og med hatt moglegheit til å auke lønningane, seier Åge nøgd.

Publisert: 25.02.2019 15:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31