Ole Erik Almlid Ålesund
FEIL MEDISIN: NHO-sjef Ole Erik Almlid seier også at skattepakken er feil medisin i ei dramatisk økonomisk tid. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Grunnrenteskatt på oppdrettsnæringa

– Dramatisk, seier NHO om regjeringas skattepakke. Også vindkraftverk må betale. Kursfall for oppdrettsaksjar.

28.09.2022

NETT NO/NTB-NPK: Grunnrenteskatten er ein skatt på fordelen av på kunne utnytte felleseigde naturressursar. Den fordelen - grunnrenta - for oppdrettsnæringa er rekna til å vere over 20 milliardar kroner årleg i åra 2016.-2018. I fjor var den 11,8 milliardar i følgje regjeringa.

Les pressemelding her

Solberg-regjeringa hadde også ein slik skatt til vurdering, men la det til sides. No vil Ap/Sp-regjeringa innføre den.

Regjeringa ventar at grunnrenteskatten skal gi mellom 3,65 og 3,8 milliardar kroner i skatteinntekter i året.

Meldinga om den komande skatteauken slo ut i kraftig kursfall på aksjane til dei sjøbaserte oppdrettselskapa. Klokka 09:54 var Mowi-aksjen - det største norske oppdrettselskapet - ned 14,05 prosent sidan i går. Salmar var ned over 20 prosent, Måsåval - eigar av Vartdalgruppa - ned over 14 prosent.

Skjermbilde 2022 09 28 kl 09 10 02
MEIR SKATT: Statsminister Jonas Gahr Støre og regjeringa hans vil innføre grunnrenteskatt på både oppdrett og vindkraft. Foto fra regjeringens pressekonferanse.

Dele med kommunane
I følgje pressemeldinga skal halvparten av grunnrenteskatten tilfalle kommunesektoren. Pressemeldinga fortel ikkje korleis inntektene blir fordelt til kvar kommune.

Grunnrenteskatten skal vere ein kontantstraumskatt. Inntekter og kostnadar blir skattlagt i de året dei kjem.

Artikkelen blir oppdatert

Råkar dei store
Grunnrenteskatten skal berre gjelde dei større oppdrettselskapa. Selskap med ein maksimalt tillatt biomasse - kor mykje laks dei maksimalt dei kan ha i havet - på inntil 4000-5000 tonn i året får ikkje grunnrenteskatt.

Det vil gjere at 65-70 prosent av oppdrettselskapa ikkje får den nye skatte, anslår regjeringa.

Grunnrenteskatt blir også innført på for vindkraftanlegg på land. Den ventar regjeringa vil gi 2,5 milliardar kroner i ekstra skatteinntekter neste år.

Les pressemelding om vindkraftskatten her

Feil medisin
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) meiner den nye skattepakken til regjeringa for kraft- og havbruksnæringane er feil medisin, skriv NTB/NPK.

– Det er dramatisk at regjeringa innfører så store skatteendringar. Det norske bedrifter treng no, er føreseielegheit. I staden innfører regjeringa ei omvelting på rundt 33 milliardar kroner som kjem på toppen av allereie høge skattar for næringslivet, seier NHO-direktør Ole Erik Almlid.

Han seier dei nye skattane går utover investeringsevna i viktige bransjar, og at skatten på kraftproduksjonen kan bety mindre fornybarinvesteringar.

– Oppdrettsnæringa har allereie som ei viktig distriktsnæring store skatteutgifter. Norske private eigarar er grunnstammen i norsk næringsliv – å undergrave dei no går ut over norske lokalsamfunn og verdiskaping, meiner Almlid.

NHO-sjefen seier også at skattepakken er feil medisin i ei dramatisk økonomisk tid.

Publisert: 28.09.2022 08:53

Sist oppdatert: 28.09.2022 10:09