Gunnar Domstein takkar nei til FHL attval
NEI TAKK: Gunnar Domstein (t.h) tek ikkje attval som styreleiar i FHL. Her er han og resten av styret etter valet i fjor.
Nytt

Gunnar Domstein takkar nei til FHL-attval

- Totalbelastning blir for stor, seier Gunnar Domstein. Han takkar nei til attval i Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening (FHL).

Administrator
21.01.2015
Ved årskiftet tok Gunnar Domstein til som utviklings- og innovasjonsansvarleg i den pelagiske industrigiganten Pelagia, med kontor i Bergen.
Den nye jobben, på toppen av vervet som styreleiar i FHL, blir for mykje, meiner Domstein. Han har gitt valkomiteen i FHL melding om at han ikkje stiller til attval.
- Det vart vi gjort kjende med i helga og det kom litt overraskande. Han har vore ein framståande tillitsvalt for næringa i mange år. No er vi så vidt i gang med å finne ein ny styreleiar, seier leiar i valkomiteen Oskar Høgstad til IntraFish.no, skriv NPK.

Åtte år

Saman med brørne Knut Magne og Rolf har Gunnar Domstein vore sentral i norsk fiskerinæring i ei årrekkje, gjennom medeigarskap i Domsteinkonsernet og tillitsverv i næringa.
Han har vore styremedlem i FHL i åtte år, dei fire siste som styreleiar. Eit spennande og lærerikt verv, men no er det nok, meiner han.
- Sjømatnæringa treng leiarar med nok motivasjon og tid, seier Domstein.

Pendling

Den nye jobben inneber pendling mellom Måløy, kontoret i Bergen og fabrikkane i Pelagiakonsernet. Domstein sin jobb er mellom anna å arbeide med å automatisere produksjonsprosessane slik at meir manuelt arbeid kan erstattast av maskiner.
Pelagia er den klart største pelagiske fiskeindustribedrifta i Noreg. 15 fabrikkar i Noreg tek mot pelagisk fisk som sild og makrell, som blir seld som menneskeføde. Konsernet har og fire fabrikkar i Noreg som laga fiskemjøl og fiskeolje.
I tillegg kjem ein komsumfabrikk på Shetland og fire fiskeolje/fiskemjølfabrikkar i Storbritannia.
Bak Pelagia står Austevoll Seafood og investeringselskapet Kvefi, som ifjor fekk klarsignal til å samle verksemda i Norway Pelagic, Welcon og Egersund Fisk i ett selskap.

Strukturendringar

Gunnar Domstein seier mange av sakene han har arbeidd med i FHL førebels ikkje er avgjort på politisk hald.
Det handaler mellom anna om moglegheitene for vidare vekst i havbruksnæringa, og strukturendringane og regelendringane som Tveteråsutvalet har gjort framlegg om for fiskerinæringa- og fiskeindustrien.
Valkomiteen skal ha klar innstillinga si til nytt styre i midten av februar. Valet skjer på generalforsamlinga til FHL i mars.

Publisert: 21.01.2015 12:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:40