Johan Andreassen Atlantic Sapphire GATH 2022 foto Ogne
GÅR AV: Johan E. Andreassen og kollegarer i Atlantic Sapphire under eit besøk på oppdrettsteknologi-konferansen Gath-konferansen i Ålesund i 2022. Foto: Ogne Øyehaug.
Nytt

Går av i Atlantic Sapphire

Grunnleggar Johan E. Andreassen har blitt småaksjonær i Atlantic Sapphire.

30.10.2023

Inntil i fjor var han styreleiar i det landbaserte oppdrettselskapet Atlantic Sapphire. No gå Johan E. Andreassen av også som administrerande direktør.

Les børsmelding her

Atlantic Sapphire driv landbasert lakseoppdrett ved Miami i USA, men har framleis hovudkontoradresse i Vikebukt.

Så seint som ved inngangen til 2023 var selskapet Alsco - med Johan Andreassen og medgrunnleggar Jon-Birger Løvik som medeigarar - nest største aksjonær i Atlantic Sapphire, med 6,8 prosent eigarandel. I tillegg eigde Johan Andreassens investeringsselskap Jea Invest 1,2 prosent.

Krympa eigarandel
Nye kapitalinnhentingar har krympa eigarandelen. I april i år sende Atlantic Sapphire ut ei børsmelding om at den samla eigarandelen til Alsco og Jea Invest var krympa til 4,22 prosent etter ei kapitalutviding i som dei to selskapa ikkje var med på. Til saman eig dei to selskapa 11.501.114 aksjar i Atlantic Sapphire.

I haust er det henta inn ytterlegare 702 millionar kroner i ny eigenkapital til Atlantic Sapphire, til 1,40 kroner aksjen, som dei to selskapa heller ikkje var med på. Etter den kaptialutvidinga er Alsoc og Jea Invest sin samla eigarandel krympa til 1,5 prosent og vart verdsett til 14 millionar kroner etter sluttkurs på fredag 27. oktober.

Ny fase
I børsmeldinga seier Andreassen at Atlantic Sapphire er i ferd med å gå over frå ei oppbyggingsfase til ei meir moden industriell fase og at det no kjennest rett for han å overlate til andre å leie selskapet vidare. Andreassen skal vere i stillinga inntil vidare, medan selskapet leitar etter ein ny toppsjef.

Jon-Birger Løvik går av som driftsdirektør i Atlantic Sapphire og over i ei anna rolle i selskapet, ifølgje børsmeldinga. Han blir erstatta av Mario Palma, som er direktør for akvakulturteknikk i Atlantic Sapphire.

Har rast på børsen
I februar 2021 var kursen i Atlantic Sapphire oppe i rekordhøge 150 kroner aksjen.

Fredag ettermiddag, 27. oktober, var den 1,23 kroner aksjen. Det er under kursen kapitalutvidinga i haust vart gjennomført til, 1,40 kroner aksjen, og vedset selskapet til 960 millionar kroner.

Etter kapitalutvidinga i haust er investeringsfonda VLTCM Ltd og Condire Investors høvesvis 10,2 og 12,48 prosent i Atlantic Sapphire. Det norske oppdrettselskapet Nordlaks Holding eig 12,6 prosent.

Publisert: 30.10.2023 06:46

Sist oppdatert: 30.10.2023 08:26

Mer om