Dr techn Olav Olsen foto Dr techn Olav Olsen
NY ARBEIDSGIVAR: Tilsette ved ålesundfirmaet som no har fått ny arbeidsgivar i Dr. Techn Olav Olsen. Foto: Dr. Techn Olav Olsen
Nytt

Går inn i konkursråka selskap

Tilsette i Ålesund-firma har fått ny arbeidsgivar.

Marius Rosbach
07.02.2023

Ingeniørselskapet Dr. Techn Olav Olsen har teke over delar av buet etter Dr. Ing Steinar Trygstad som nyleg melde oppbod. Det opplyser bustyrar Axel Villads Lange til NETT NO.

Møre og Romsdal tingrett opna konkurs i byggkonsulentfirmaet frå Ålesund førre veke, men bustyrar opplyste då at det vart jobba med ny drift.

Held fram i same lokale
No er det klart at Dr. Techn Olav Olsen overtek alle dei tilsette og lokala til Ålesund-firmaet, ifølgje ei pressemelding.

Dei tilsette vil jobbe for Dr. Techn Olav Olsen i dei same lokala i Breivika.

Selskapet som har kring 130 tilsette mellom anna på Lysaker utanfor Oslo og i Trondheim, etablerer seg dermed i Ålesund.

Vil styrke seg i regionen
«Vi ser etableringen i Ålesund som et ledd i vår strategi for å styrke vår posisjon i Region Midt Norge og Nord-Vestlandet sammen med vårt kontor i Trondheim», uttaler administrerande direktør Olav Weider i Dr. Techn Olav Olsen i meldinga.

Han meiner grepet vil styrke posisjonen deira mot større entreprenørar i regionen innan bygg og samferdsel.

«I tillegg er potensialet stort for å ta en sterkere posisjon inn mot maritim næring, havbruk/akvakultur med en geografisk tilstedeværelse i Ålesund», legg han til.

Fleire årsaker til konkursen
Dr. Ing Steinar Trygstad hamna av fleire årsaker i ein vanskeleg situasjon før konkursen vart eit faktum.

Firmaet vart tidlegare dreve av Stein Trygstad. Etter at den tidlegare eigaren og daglege leiaren døydde, vart det krevjande å oppfylle fleire formelle krav som følgde drifta.

Firmaet blei starta i 2019 og har jobba med alle fagområder innenfor rådgiving og prosjektering av byggkonstruksjoner, både nytt og rehabilitering.

Publisert: 07.02.2023 18:08

Sist oppdatert: 07.02.2023 22:52

Mer om