Møtes til forhandlingar i Stokke-striden
Dei sørkoreanske eigarane og to minoritetsaksjonærar møtes i retten ved månadsslutt.
Bakgrunnen er at retten gav medhold til minoritetsaksjonærane som gjekk til søksmål i eit krav om midlertidig forføyning mot dei sørkoreanske eigarane av Stokke AS, Nxmh.
Om ikkje tvisten får ei minneleg løysing mellom partane, betyr det at aksjane er «fryst» til 21. februar 2024.
Avgjersla blei tatt utan at partane var til stades. Difor kunne dei krevje å møtes til munnlege forhandlingar for å diskutere avgjersla.
Det vil skje 28. november i Møre og Romsdal tingrett i Ålesund, ifølgje berammingslista til domstolen.
Skal ha planar om Stokke-sal
Striden dreier seg om eigarskapet til aksjar – og uro kring planar om sal av barneutstyrsprodusenten, som mellom anna produserer Tripp Trapp-stolen.
Ovanfor NETT NO stadfestar advokat Anders Flaatin Wilhelmsen at partane skal møtes i slutten av november. Då skal retten ta stilling til om kjennelsen skal oppretthaldast, eller ikkje.
Dei to partane har eit søksmål som foregår i Belgia. Det handlar om at den eine saksøkaren skal ha blitt fjerna frå alle sine stillingar i konsernet. Tvisten, som foregår i Noreg, handlar om eigarskapet til aksjane i Stokke.
Eigaren døydde i fjor
Stokke har hovudkontoradresse og utviklingsavdeling i Ålesund, men har sidan 2013 vore eigd av det sørkoreansk selskapet.
Eigaren, Jung-Ju Kim, døydde i fjor, 54 år gamal, og planane om sal av Stokke skal ha kome i kjølvatnet av dødsfallet.
Den sørkoreanske forretningsmannen og investoren var grunnleggjar av Nexon, det største spelselskapet i Sør-Korea. Multimilliardæren hadde ei anonym rolle offentleg.
Publisert: 25.10.2023 10:39
Sist oppdatert: 25.10.2023 11:09