Aksjonærstrid avslører planar om Stokke-sal
Retten var samd i at aksjonærar risikerte tap – og «fryste» aksjane.
To minoritetsaksjonærar har fått medhold i eit krav om midlertidig forføyning mot dei sørkoreanske eigarane av Stokke. Det kjem fram i ei avgjerd frå Møre og Romsdal tingrett.
Bakgrunnen er ein strid om eigarskapet til aksjar – og uro kring planar om sal av barneutstyrsprodusenten, som mellom anna produserer Tripp Trapp-stolen.
– Vi har som policy at vi ikke kommenterer rykter, skriv konsernsjef Jacob Kragh i Stokke i ein e-post til Dagens Næringsliv som omtalte saka først.
Han viser avisa sine spørsmål til dei koreanske eigarane.
Har frist til februar med å gå til søkmål
Tingretten ga medhald i kravet frå aksjonærane om ei midlertidig forføyning.
Saksøkarane fekk frist til å reise søksmål om eigarskap til aksjene innan 21. februar 2024. Om ikkje tvisten får ei minneleg løysing mellom partane, betyr dette at aksjane er «fryst» til den datoen.
Forføyninga vil gjelde inntil tvisten er rettskraftig avgjort med mindre domstolen besluttar noko anna, heiter det vidare.
Meiner salg truleg er «nært forestående»
Dei to aksjonærane gjekk til retten med eit krav om midlertidig forføyning ovanfor Stokke-eigarane i Nxmh As og Nxmh Bv ved styrets leiar med fleire påstandar.
Saka var oppe i Ålesund tingrett 21. august.
– Det er all grunn til å tru at Nxmh Bv planlegg å selge Stokke AS, noko som vil generere eit stor overskot i Nxmh As, heiter det i kjennelsen frå tingretten i Ålesund.
Retten opplyser at partane ikkje har vore kalla inn til forhandlingar. Det blir grunngjeve det med at Nxmh Bv ikkje har svara saksøkjarane, at Nxmh As blir kontrollert av Nxmh Bv - og at eit sal av Stokke «sannsynligvis er nært forestående».
Utdrag frå grunngjevinga i tingretten
Retten har funnet at det er fare ved opphold, og har truffet avgjørelse i saken uten at partene har vært innkalt til muntlig forhandling, jf. tvisteloven § 32-7 annet ledd. Retten viser i denne sammenheng til at det som fremgår av begjæringen om at NXMH AS ikke har gitt tilbakemelding på saksøkernes henvendelser samt at NXMH AS kontrolleres av NXMH BV og at et salg av Stokke AS sannsynligvis er nært forestående. Av samme grunn har saksøkte heller ikke fått anledning til å uttale seg før beslutning ble fattet.
Innhenta tilbod frå fleire meklarhus
Av korrespondanse mellom partane framgår det at eit sal av konsernet er på trappene, ifølgje retten.
I tillegg framgår det at det er innhenta tilbod frå fleire meklarhus for bistand i ein salsprosess, ifølgje tingretten.
Tingretten meiner eit foreståande sal medførar ein risiko for at aksjonæren vil gå glipp av sin rettmessige andel av overskotet frå salet, anten som mottakar av utbyte, eller som seljar av aksjane.
Skulda for å vere «Extraordinary Bad Leaver»
Tingretten meiner vidare at det ikkje kan vere tvil om at eit sal gir ein situasjon der det vil innebære ei vesentleg skade, eller ulempe for saksøkarane om Nxmh Bv blir registrert som eigar av deira sine aksjer, og som utgjer sikringsgrunn.
Det høyrer med til historia at den eine aksjonæren blir skulda for å vere ein «Extraordinary Bad Leaver», fordi vedkomande skal ha forsøkt å forpurre eit sal av Stokke AS våren 2023.
Bakgrunnen for kravet
Hovudkravet til saksøkerane er at eigarselskapet, Nxmh Bv, ikkje kan registrerast som eigar av deira aksjar i Nxmh As sin aksjeeigarbok.
Dei oppgir tre grunnar til dette, ifølgje kjennelsen.
Det eine er at å registrere Nxmh Bv som eigar av aksjene er i strid med aksjelova §4-7. Det andre er at kjøpsopsjonen er for seint utøvd, og det tredje går i at aksjonæren ikkje skal vere ein «Extraordinary Bad Leaver».
Eigaren døydde i fjor
Stokke har hovudkontoradresse og utviklingsavdeling i Ålesund, men har sidan 2013 vore eigd av det sørkoreansk selskapet.
Eigaren, Jung-Ju Kim, døydde i fjor, 54 år gamal, og planane om sal av Stokke skal ha kome i kjølvatnet av dødsfallet.
Den sørkoreanske forretningsmannen og investoren var grunnleggjar av Nexon, det største spelselskapet i Sør-Korea. Multimilliardæren hadde ei anonym rolle offentleg.
Dobla omsetning sidan 2019
Barneutstyrsprodusenten har røter tilbake til 1932 og selskapet starta som ordinær møbelprodusent.
Seinare snudde dei seg mot marknaden for møblar og utstyr til barn. Mellom anna Tripp Trapp-stolen og barnevogner har vore salssuksessar over heile verda.
Har gjort ein rekke oppkjøp
Stokke omsette i fjor for 3,1 milliardar og har dobla omsetninga sidan 2019. Mykje av veksten dei siste åra har skjedd som følgje av oppkjøp.
I 2022 kjøpte Stokke det danske selskapet Evomove, som har Nomi-stolen designa av Peter Opsvik. Året i forvegen sikra dei seg tyske Limas Gmbh, italienske Mukako og franske Babyzen.
USA var den største enkeltmarknaden i 2022.
Publisert: 18.10.2023 10:35
Sist oppdatert: 18.10.2023 21:30