Årsmøte Fiskebåt 2024 Audun Maråk foto Ogne
OPPDRAG: Administrerande direktør Audun Maråk (på skjermane) i Fiskebåt har fått eit klart oppdrag frå årsmøtet, å greie ut alternativ til å vere medlem i Norges Fiskarlag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Går vidare med skilsmisseplanar

Kan ende med at havfiskeflåten bryt med Norges Fiskarlag.

14.02.2024

Alle dei tre regionlaga i Fiskebåt har tidlegare gått inn for at organisasjonen skal vurdere å gå ut av Norges Fiskarlag. I dag, onsdag 14. februar, har årsmøtet i Fiskebåt gjort det same.

Fiskebåt organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten og er i dag også medlem og ein organisasjon i Norges Fiskarlag. Norges Fiskarlag organiserer også eigarane av mindre fiskefartøy og mannskap på fiskebåtar. Dei to andre organisasjonane i Norges Fiskarlag er Nord Fiskarlag og Sør-Norges Fiskarlag.

I tillegg er konkurrenten Norges Kystfiskarlag, men den er ikkje større enn at Norges Fiskarlag omfattar storparten av fiskerinæringa.

Så lenge Norges Fiskarlag er samla blir mykje av dei interne interessekonflikten i fiskerinæringa - mellom anna om fordeling av fiskekvotar mellom ulike grupper - handsama i organisasjonen, og presentert som eit samla kompromiss for heile næringa utad.

Illojalt
Årsaka til at Fiskebåt vurderer skilsmisse frå Norges Fiskarlag er for det første at organisasjonen ikkje har fått gjennomslag for at Fiskebåt, Nord Fiskarlag og Sør-Norges Fiskarlag skal vere likt representert i styret og på landsmøtet til Norges Fiskarlag. Dette har Nord Fiskarlag blokkert for, ifølgje Fiskebåt.

Den andre grunnen er at Nord Fiskarlag har støtta omfordeling av fiskekvotar mellom ulike grupper fiskarar, slik regjeringa gjer framlegg om i kvotemeldinga som vart lagt fram tidlegare i år.

Det var illojalt, meiner Fiskebåt i vedtaket i dag, om at styret i Fiskebåt skal utgreie alternativ til å vere med i Norges Fiskarlag:

"Årsmøtet konstaterer at Nord Fiskarlag i forbindelse med behandling av kvotemeldingen, har støttet forslag om endringer i ressursfordelingen som bryter med Norges Fiskarlags ressursfordelingsvedtak. Årsmøtet mener dette er svært alvorlig, da Nord Fiskarlag sin handlemåte og budskap bryter med Norges Fiskarlags viktigste og mest grunnleggende landsmøtevedtak. Nord Fiskarlag sine illojale utspill har skadet Norges Fiskarlag sin legitimitet og rolle som samlende organisasjon for landets fiskere og rederier. Årsmøtet finner dette svært beklagelig og mener de endelige resultatene av disse sakene vil være et viktig vurderingstema når Fiskebåt skal beslutte sin fremtidige organisasjonstilknytning." heiter det i vedtaket.

Vurderte NHO i 2003
Eit vedtak om skilmisse må gjerast av årsmøtet, anten eit ordinært årsmøtet eller eit ekstraordinært årsmøte.

Også for 20 år sidan vurderte Fiskebåt - den gongen Fiskebåtredernes Forbund - å bryte ut av fiskarlaget, og heller søkje medlemskap i NHO.

Det blei det ikkje noko av, men no er ei skilsmisse frå fiskarlaget aktuelt på nytt.

Publisert: 14.02.2024 11:35

Sist oppdatert: 14.02.2024 12:20

Mer om