Vil vurdere utmelding
Fiskebåt Vest vil vurdere alternativ organisering i striden som kan splitte Norges Fiskarlag.
Årsmøtet i Fiskebåt Vest gjer som kollegaene i Fiskebåt Nord, og ber samrøystes om at organisasjonen gjer ei vurdering av om Fiskebåt framleis skal vere med i Norges Fiskarlag.
Det avgjorde årsmøtet i Fiskebåt Vest på årsmøtet sitt i Loen fredag.
Bransje- og arbeidsgiverorganisasjonen Fiskebåt organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten, og er delt i tre regionlag: Nord, Vest og Sør.
Med dagens vedtak har to av tre regionlag i Fiskebåt vedtatt at dei vil ha utgreidd om organisasjonen skal ta farvel med Norges Fiskarlag. Fiskebåt Sør har årsmøte neste veke.
Strid om maktfordeling
Fiskebåt er ein av tre organisasjonar i Norges Fiskarlag. Dei to andre er Sør Fiskarlag og Nord Fiskarlag.
Striden står om maktfordelinga i fiskarlaget.
Fiskebåt vil at dei tre medlemsorganisasjonane skal vere likt representert i styret og på landsmøtet til Norges Fiskarlag.
I dag har Nord Fiskarlag flest representantar. Ifølgje Fiskebåt har Nord Fiskarlag blokkert for ei endring som ville gitt dei tre organisasjonane lik innflytelse.
Publisert: 01.12.2023 17:12
Sist oppdatert: 14.02.2024 11:56