NTB 4 Vai1qea8 A 1
PÅSKERÅD: Helsedirektør Bjørn Guldvog (f.v.), justis- og beredskapsminister Monica Mæland, helse- og omsorgsminister Bent Høie og FHIs avdelingsdirektør Line Vold under pressekonferanse om koronasituasjonen i samband med påskeferie. Foto: Berit Roald / NTB
Nytt

Høie: Vi må vere førebudde på grenserestriksjonar i sommar

Risiko for nye muterte variantar av koronaviruset.

12.03.2021

NPK-NTB: – Vi må vere førebudde på at vi må ha kontroll på innreise og utreise med tanke på risiko for framtidige mutantar, sa helseminister Bernt Høie på spørsmål frå NTB på pressekonferansen til regjeringa fredag.

Helseministeren opplyser at ein kan gjenopne grensene gradvis med ulike kontrollmekanismar, og dessutan at tempoet i vaksinasjonen vil ha betydning for kven som kan reise og ikkje. Likevel åtvarar han altså om at ein må vere førebudd på restriksjonar.

– Det vil òg avhenge av situasjonen internasjonalt, la Folkehelseinstituttets Line Vold til.

Ho minte om at det var relativt fri flyt mellom Noreg og fleire land i Europa sommaren 2020 då det var lågt smittetrykk.

Forlengar innreiserestriksjonar
Avgrensingane på innreise til Noreg blir førebels vidareførte fram til 7. april. Truleg blir dei fleste restriksjonane forlengde også etter det.

– Strenge innreisereglar vil vidareførast også etter 7. april, men vi vil fram til den datoen sjå på om det kan opnast for nokre få utvalde grupper, sa justisminister Monica Mæland (H) på ein pressekonferanse fredag.

Innreiserestriksjonane som vart innførte 27. januar, betyr at det i praksis berre er mogleg for personar med nødvendige formål å reise til Noreg.

Alle som har som vore på ferie i utlandet, må ta karantenen på hotell fram til dei har framvist negativ test.

Tiltaket gjeld frå natt til onsdag.

Påskeferieråd mot korona
Hyttegjestar som blir sjuke må dra heim. Det er eitt av koronaråda for påska, som regjeringa la fram i dag.

Dette er råda frå regjeringa, som blei lagt fram i dag. Dei gjeld frå og med onsdag fram til 7. april:

* Det blir sterkt tilrådd at alle held seg innanfor Noreg og ikkje reiser utanlands i påska.

* Alle som kjem heim frå unødvendige fritidsreiser til utlandet, må på karantenehotell fram til dei har framvist negativ test, tidlegast på dag tre.

* Folk som får unntak og kan følgje vanlege karantenereglar, er dei som har vore på arbeidsreiser, og dei som må gjere andre sterkt nødvendige reiser, som å delta i gravferder og besøkje alvorlege sjuke familiemedlemmer.

* Hald deg heime viss du er sjuk, og ikkje dra nokon stad viss du er i karantene eller ventar på testsvar.

* Kjem du frå ein kommune med høg smitte og strenge reglar, må du òg følgje desse reglane der du held til påska.

* Unngå fleire enn ti kontaktar i veka.

* Unngå besøk av meir enn fem personar.

* Personar som ikkje kjem frå same husstand, må halde minst éin meters avstand.

* Det blir ikkje hytteforbod, dersom ein er påpasseleg med smittevern. Unødvendige reiser skal unngåast.

* Gjer innkjøp heime før du dreg på hytta.

* Unngå kontakt med andre menneske på reisa og under opphaldet.

* Unngå kollektivtransport viss mogleg.

* Ein kan reise på hotell innanlands, men må halde avstand til andre gjester.

* Personar som kjem frå kommunar med høgt smittenivå, bør ikkje reise på hotell eller andre overnattingsstader der mange samlast.

* Overnattingsbesøk blir rådd mot.

* Barn og unge under 20 år og åleinebuande kan ha overnattingsbesøk av éin eller to faste venner.

* Vel helst påskeaktivitetar som går føre seg utandørs, der smitterisikoen er minst.

* Unngå serveringsstader og andre stader der det lett kan finnast trengsel og er vanskeleg å halde ein meters avstand til andre.

* Ein kan besøkje alpinanlegg, men unngå trengsel og følg smittevernreglane.

* Ein kan dra på gudstenester og religiøse samlingar der ein bur, men samlingar med personar frå ulike kommunar blir rådd mot.

* Alle påskeråda kan ein lese om på regjeringa.no.

* Last ned smittestoppappen før påskeferien.

Publisert: 12.03.2021 15:29

Sist oppdatert: 12.03.2021 16:24

Annonsørinnhold