Aurstadrettsak 1 dag fv Bjørn Sverre Grenager Bård Thorsen økokrim Vegard Aaløkken Jan Erik Teigum forsvararar foto Ogne
RETTSAK MOT CATO AURSTAD STARTA I DAG: F.v.: Aktor Bård Thorsen, økokrimetterforskar Bjørn Sverre Grenager, forsvarar Vegard Aaløkken og forsvarar Jan Erik Teigum. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Tilhøvet til DNB surna etter maskinsal

Etter at entreprenørselskapet K. A. Aurstad selde maskinparken sin til søsterselskapet Aurstad Maskinutleige surna tilhøvet til hovudkreditoren DNB.

13.04.2021

Om salet av maskinparken til K. A. Aurstad til søsterselskapet Aurstad Maskinutleige skjedde til reell marknadspris er eitt av dei sentrale spørsmåla i straffesaka mot hovudeigar og styremedlem Cato Aurstad, som starta i Søre Sunnmøre tingrett i dag.

Etter at DNB, som var hovudbanken til K. A. Aurstad fekk vite om transaksjonen vart selskapet Bjarøy leigd inn for å vurdere verdivurderinga som vart lagt til grunn for transaksjonen.

Det kom fram i innleiinga til aktor Bård Thorsen frå Økokrim i dag.

Økokrim har tiltalt Aurstad for å vere ansvarleg for ein transaksjon som var til gunst for Aurstad Maskinutleige på bekostning av kreditorane i K.A. Aurstad.

Vurderte salspris
Aurstad Maskinutleige betalte 20 millioner kroner for maskinparken.

Bjarøy sin rapport kom 8. november 2018, og selskapet konkluderte med at den reelle verdien var knappe 50 millionar kroner, kanskje høgare.

Sa opp avtale
4. desember 2018 sa DNB opp låneavtalen med K. A. Aurstad og to dagar seinare vart det opna konkurs i selskapet.

Bustyraren godkjende ikkje salet, og argumenterte mellom anna med at Aurstad Maskinutleige ikkje hadde rettsvern for transaksjonen.

Resultatet blei eit forlik, der Aurstad Maskinutleige kjøpte omlag ein fjerdepart av maskinparken for 9,5 millionar kroner. Buet tok over resten og fekk den seld.

I følgje Økokrim fekk buet inn i overkant av til saman 51 millionar kroner for maskinparken, dels frå forliket med Aurstad Maskinutleige, dels frå sal i marknaden.

Publisert: 13.04.2021 13:59

Sist oppdatert: 13.04.2021 16:07

Mer om