Hadja tajik pk skjermfoto 22
PRESSEKONFERANSE: Hadia Tajik sluttar som arbeids- og inkluderingsminister i Støre-regjeringa. Skjermfoto: Regjeringen.no
Nytt

Hadia Tajik går av

Ferdig som statsråd, men vil halde fram som nestleiar i Ap.

02.03.2022

Følg pressekonferanse direkte her (ekstern lenke)

Ap-nestleiar Hadia Tajik går av som arbeids- og inkluderingsminister i kjølvatnet av pendlarbustadsaka.

Det stadfesta ho på ein pressekonferanse onsdag ettermiddag.

VG avslørte sist søndag korleis Ap-nestleiar og arbeidsminister Hadia Tajik (Ap) fekk tildelt skattefri pendlarbustad i 2006 til 2010 basert på ein leigekontrakt ho aldri nytta.

Vil halde fram som nestleiar
Tajik har i ettertid hevda at ho hadde krav på skattefri pendlarbustad. Ho har opplyst at ho hadde utgifter til barndomsheimen i Rogaland.

Ap-politikaren har teke sjølvkritikk og sagt at ho hadde «fullstendig feilvurdert» saka. Ho har òg sagt at ho skal betale tilbake den eventuelle skattefordelen ho har fått.

Tajik har planar om å vere nestleiar i Ap og partiet si stortingsgruppe framover, og la til at ho ikkje hadde tenkt til å «sette seg i eit hjørne».

Vil ikkje overskyggje jobben
Tajik sa ho tok valet om å trekke seg fordi pendlarbustadsaka frå 2006–2010 hadde byrja å overskyggje det viktige arbeidet ho meiner regjeringa og Arbeids- og inkluderingsdepartementet gjer.

– Nettopp fordi det arbeidet er så avgjerande, vil eg ikkje tillate at feil som eg gjorde for 15 år sidan skal stå i vegen for dette arbeidet eller det arbeidet regjeringa gjer i og for seg, sa Tajik.

Ho seier ho hadde ein god samtale med Støre i forkant av pressekonferansen. Ho ser førebels ikkje bort frå at ho kan komme tilbake til regjeringa.

– Det er statsministeren som til sjuande og sist set saman regjeringa, sa ho på spørsmål om ho var aktuell for ein ny statsrådspost.

Listhaug: – Klok avgjerd
Fleire politikarar har kravd at Tajik gjer grundigare greie for saka. Mellom anna har Frp-leiar Sylvi Listhaug sendt henne 20 spørsmål som ho vil ha svar på.

Etter avgangen til Tajik, uttaler Listhaug at ho meiner det er ei «klok avgjerd».

– Det er ingen tvil om at det som er blitt avdekka både om saka, og hennar vurdering av den, er meget alvorleg, legg Listhaug til.

Frp-leiaren trur det er store sjansar for at Tajik-saka kunne enda med eit spørsmål om mistillit i Stortinget.

Saka blir oppdatert

Publisert: 02.03.2022 14:16

Sist oppdatert: 02.03.2022 14:36

Mer om