Det er sjette år på rad at dei tilsette hos Ekornes gir avkall på julegåver til seg sjølve og heller gir pengane som julegåve til andre.
I år får sjukeheimen i Hornindal og sjukeheimen på Hareid 100.000 kroner kvar, medan bu-og aktivitetssenteret i Sykkylven får 300.000 kroner.
Julegåva til dei Ekornes-tilsette før 2009 var ei øskje med spekekjøt, mør og andre godsaker. Summen på 475.000 kroner har vore den same fram til i år. No er det oppjustert til ein halv million kroner.
- Dei tillitsvalde, saman med pårørande, bebuarar og administrasjonen skla kartlegge kva som gir livskvalitet for dei eldre, seier Ekornes.
Britt Lødøen og Ngare Kabiru frå Hornindal driv hjelpearbeid og skule i Mathare-slummen i Kenya, og dei fekk 75.000 kroner til sitt arbeid.
Blant dei som har fått gåver tidlegare, er Inger Harringtons prosjekt for gateborn i Brasil. Lokalt har frivilligsentralane i Sykkylven, Hareid og Grodås, bygder der Ekornes har fabrikkar, fått støtte til innkjøp av senger.
I år får sjukeheimen i Hornindal og sjukeheimen på Hareid 100.000 kroner kvar, medan bu-og aktivitetssenteret i Sykkylven får 300.000 kroner.
Populært
- Det vart veldig godt mottatt mellom dei tilsette at pengane gjekk til desse prosjekta i år, seier hovudtillitsvald på Ekornesanlegget på Ikornes, Asbjørn Sjåstad.Julegåva til dei Ekornes-tilsette før 2009 var ei øskje med spekekjøt, mør og andre godsaker. Summen på 475.000 kroner har vore den same fram til i år. No er det oppjustert til ein halv million kroner.
Skape trivsel
Arve Ekornes leiar gåvekomiteen, der tilsette for fabrikkane også er med. Han seier målet med årets gåve er å auke trivselen for bebuarane på sjukeheimane i kommunane der Ekornes har fabrikkar. Pengane kan gå frå alt til nye TV til nye møblar, og dei Ekornestilsette ha sikre seg styringa på korleis pengane skal brukast.- Dei tillitsvalde, saman med pårørande, bebuarar og administrasjonen skla kartlegge kva som gir livskvalitet for dei eldre, seier Ekornes.
Til Filippinane
I fjor gjekk 350.000 kroner frå dei Ekornes-tilsette til Lola Day Care Center på Filippinane, ein førskule driven av May-Britt Tynes og familien frå Sykkylven.Britt Lødøen og Ngare Kabiru frå Hornindal driv hjelpearbeid og skule i Mathare-slummen i Kenya, og dei fekk 75.000 kroner til sitt arbeid.
Blant dei som har fått gåver tidlegare, er Inger Harringtons prosjekt for gateborn i Brasil. Lokalt har frivilligsentralane i Sykkylven, Hareid og Grodås, bygder der Ekornes har fabrikkar, fått støtte til innkjøp av senger.
Hjelp mot Ebola
Hos Rolls-Royce Marine gir dei tilsette i år 250.000 kroner til arbeid mot Ebola i staden for å sjølve motta julegåve frå selskapet.Publisert: 10.12.2014 16:16
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39